Statsforvaltar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Statsforvaltaren (statsforvaltarembetet) er ein embetsmann som på vegner av den norske staten utøver dei høgste sivile forvaltingsoppgåvene i eit fylke. Statsforvaltaren vert tilsett av regjeringa, og som regjeringa sin fremste representant i fylket skal han sjå til at stortingsvedtak og regjeringsvedtak vert gjennomførte i fylket.

Statsforvaltaren sin administrasjon har oppgåver med tilsyn mellom anna innan miljøvern (Statsforvaltarens miljøvernavdeling) og landbruk (Statsforvaltarens landbruksavdeling). Statsforvaltaren skal òg kontrollere kommunale budsjett og låneopptak i kommunane, og skal vidare handsame klager på kommunale vedtak.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Statsforvaltarembetet har røter attende til ordninga med sysselmenn i mellomalderen. I 1662, under eineveldet i Danmark-Noreg, vart len og syssel avløyste av amt, og dermed oppstod amtsnemninga. I 1919 skifta så amta namn til fylke, og amtmannen vart til fylkesmann. I 2020 vart embetet omdøypt til statsforvaltar.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fylkesmannen blir statsforvaltaren». Regjeringa.no. Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 26. oktober 2020. Henta 1. januar 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]