Statsråd Rolf Jacobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
For lyrikaren, sjå Rolf Jacobsen.
Rolf Jacobsen
Fødd 30. november 1865

Fredrikstad

Død 22. februar 1942
Parti Venstre
Yrke Høgsterettsadvokat, sorenskrivar
1. verv Norsk forsvarsminister
 - periode 1924–1926
 - regjering Mowinckel I
 - føregjengar Karl Wilhelm Wefring
 - etterfylgjar Karl Wilhelm Wefring
2. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1913–1918
 - valkrins 4. Nordre Salten
3. verv Ordførar i Narvik
 - periode 1910–1911

Rolf Jacobsen (30. november 186522. februar 1942) var ein norsk jurist og Venstre-politikar. Han var statsråd 1924-26 i den første Mowinckel-regjeringa. Albert Jacobsen var far hans, Oscar Jacobsen farbror hans.

Jacobsen var fødd i Fredrikstad. Han tok examen artium i 1881 og vart cand.jur. i 1885. Han var 1885-90 fullmektig hos sorenskrivaren i Nordre Gudbrandsdalen. Advokatfullmektig i Kristiania 1890-93, samstundes som han arbeidde med å utarbeide eit nytt panteregister for Aker sorenskriveri. Høgsterettsadvokat i Kristiania 1893-1903. Sidan var han sorenskrivar i Steigen frå 1903 og i Vinger og Odalen 1917-24 og 1926-36.

Jacobsen var medlem av Narvik formannskap 1907-10, ordførar 1910-11 og varaordførar ein periode, 1912-14. Medlem av Vinger heradsstyre 1919-25 og 1928-36.

Jacobsen var innvald på Stortinget frå Nordre Salten krins i Nordland 1913-1918, og var heile tida formann i konstitusjonskomitéen. Han var aktiv i fråhaldsrørsla, og støtta opp om brennevinsforbodet. Jacobsen var forsvarsminister i Johan Ludwig Mowinckels første regjering som styrte Noreg frå 25. juli 1924 til 4. mars 1926.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]