Staur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Staur (norrønt staurr, i slekt med verbet «å stå») er ein stor stokk som er kvessa i ein ende. Staur kan mellom anna brukast til gjerde, hesjer og handspik. Ein jernstaur er ei stauraktig jernstong som kan brukast som spett.

I geologi viser «staur» til ein søyle av stein som står fråskild frå anna land.

I norsk politisk historie er staur kjend frå uttrykke «å bera staur». Då Per Borten gjekk av som statsminister etter at koalisjonsregjeringa hans braut saman, likna han leiarvervet med å bera ei tung bør av staur som hadde byrja å sprika.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]