Stauroskop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Stauroskop er eit apparat til nøyaktig innstilling av ein krystall i eit polarisasjonsapparat. Stauroskopet var funne opp av Wolfgang Franz von Kobell i 1855 og seinare forbetra av Calderon og andre. Ei kalkspatplate skore vinkelrett på den optiske aksen blir sett inn i strålegangen i polarisasjonsapparatet. Ho skapar der ein interferensfigur. Legg ein så ein krystall inn, vil figuren som regel blir forandra. Berre når hovudsvingeretninga i krystallen fell saman med polarisatoren si svingeretning, blir han uendra. Metoden er særs kjenslevar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]