Stavøya
Utsjånad
| Stavøya | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Sunnfjord |
| Koordinatar | 61°33′37″N 05°06′13″E / 61.56028°N 5.10361°E |
| Areal | 10,9 km² |
| Høgaste punkt | Skaranipa (201 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | |
| Fylke | Vestland |
| Demografi | |
| Folketal | 55 (2001) |
| Folketettleik | 5,0 /km² |
Stavøya er ei øy i Kinn kommune i Vestland. Ho ligg like sør for Florø lufthamn, på sørsida av Solheimsfjorden og nord for Brufjorden. Øya har eit areal på 10,9 km² og om lag 55 innbyggjarar.
Øyane Askrova og Svanøya ligg vest for Brufjorden på vestsida av Stavøya. Stavøya vart i 1990 knytt til fastlandet med Fylkesveg 5699 og den 173 meter lange Stongasundet bru over til Bru.
Folketalsutvikling
| 1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2023[3] |
|---|---|---|---|
| 73 | 160 | 61a | 48a |
aMed Ålvora
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljing 1801 for Kinn prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Kinn herred, frå Digitalarkivet
- 1 2 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kart over Flora kommune som viser Stavøya Arkivert 2005-12-15 ved Wayback Machine.