Stavanger katedralskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stavanger katedralskole
MottoPer ardua ad astra
SkuletypeVideregåande skule
Org.nummer974624400
Grunnlagd1160
KommuneStavanger
RektorGrethe Mahan
Elevar555
Tilsette94
Nettstadstavanger-katedralskole.vgs.no
Kart
Stavanger katedralskole
58°58′09″N 5°43′58″E / 58.9693°N 5.73272°E / 58.9693; 5.73272

Stavanger Katedralskole er ein vidaregåande skule i sentrum av Stavanger. Skulen tilbyr to utdanningsprogram, eitt for studiespesialisering ved tradisjonsrike Kongsgård og eitt for musikk, dans og drama ved skulens nye bygg i Bjergsted. Hovudbygningen på Kongsgård er saman med Domkyrkja, Kirkegata, Valbergstårnet, Torget og Breiavatnet Stavanger sentrum sine fremste kjenneteikn.

Dei siste åra har skulen vorte leiiande innanfor framandspråk i Stavanger, og tilbyr fordjuping innanfor norsk, engelsk, tysk, spansk, fransk og arabisk. Soleis har skulen vorte ein viktig del for internasjonalisering i regionen.

Bygget på Kongsgård er kjend i litteraturen gjennom Alexander Kielland sine verk. Det var her «Lille Marius» døydde medan han pugga latin, det var her «Abraham Løvdahl» vart danna og kaninane var lærarar.

Kielland var sjølv elev ved skulen i si tid, som på den tida var obligatorisk lærestad for søner av framståande borgarar i byen. Diktaren Sigbjørn Obstfelder og komponisten Fartein Valen vart seinare elevar her.

Det har vore drive skule på staden frå kring 1260, og vart offentleg skule i 1824. Skulen er med sin 700 år lange tradisjon ein levande institusjon i Stavanger. Det eldste skuleteatret i Noreg, Idun, leverer årlege julekomediar amatørteaterscena Sangsalen. I moderne tid har forfattaren Tore Renberg, skodespelarane Laila Goody og Marianne Holter og politikar Jan Egeland prega skulemiljøet.

Skulen er kjend for eit tett elevmiljø, og vert tidvis nærast sett på som ein klan av resten av byen. Lærarane har ofte vore viktige personar i bylivet i Stavanger. Johannes Steen, seinare statsminister, var lenge rektor ved skulen.

Etter tradisjonen er rektor ved katedralskulen den einaste som har fiskerett i Breiavatnet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ole Kallelid: Kongsgård. Stavanger Katedralskole 1824-1999, Stavanger 2003.