Stavanger kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stavanger kommune
kommune
Vaagen-modf.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Stavanger
Areal 262,52 km²
 - land 256,52 km²
 - vatn 6,00 km²
Folketal 143 574 (1. januar 2020)
Målform bokmål
Ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap)
Kommunenr. 1103

Stavanger kommune
58°58′ N 5°43′ E
NO 1103 Stavanger.svg
Wikimedia Commons: Stavanger
Nettstad: www.stavanger.kommune.no

Stavanger er den fjerde største bykommunen i Noreg, og ligg sørvest i landet, midt mellom Nord- og Sør-Rogaland. Han er det administrerande, økonomiske og kulturelle senteret i fylket.

Stavanger sentrum er lite og kompakt. Vågen, der ein tidlegare lasta og lossa skip, er no det sosiale samlingspunktet i byen, med torg, ei rekke serveringsstader, og kai for fritidsbåtar. Stavanger domkyrkje har utsikt over Vågen på ei side og Breiavatnet på den andre. På andre sida av vatnet ligg Rogaland Teater og fleire museum. Smale brusteinsgater og kvite trehus pregar det som er igjen av den gamle byen, men det finst òg bygningar av betong og glas som fortel om ei ny tid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Teikning som syner bygningsmasse i Stavanger 1867. Valbergtårnet i venstre kant, Frue kyrkje, sognekyrkje frå 1855 i Hetland herad mot høgre kant
Bygrenser 1855, det er ikkje klårt om grensa samsvarar nøyaktig med utbreiinga av Stavanger sogn / Stavanger bykommune
Trehus i Stavanger.

Namnet til byen kjem frå norrønt stafr, ‘stav’,( i tydinga bratt fjell) og angr, ‘fjord’. Det har budd folk i området sidan den siste istida, men Stavanger blei først ein by under Sigurd Jorsalfar då kyrkja oppretta eit nytt bispedøme med sete der.

Stavanger blei ein kjøpstad i 1425, og utvikla seg gradvis som eit handelssenter for sild, laks, hummar og trevyrke. Statusen som bispesete var likevel det viktigaste grunnlaget for byen, noko som førte til nedgangstider etter reformasjonen. Kristian IV ville helst leggja ned heile byen etter at han hadde flytta bispesetet til Kristiansand. Men Stavanger overlevde, og bygde seg opp innan sildeindustri og skipsfart.

I 1960-åra fekk Stavanger eit oppsving då ein byrja å leite etter olje i Nordsjøen. Utanlandske oljeselskap og arbeidarar etablerte seg i byen, som snart fekk eit meir fleirkulturelt preg. Om lag kvar tiande siddis er i dag opphavleg frå utlandet.[treng kjelde]

Kommunegrenser[endre | endre wikiteksten]

Dei opphavlege kommunegrensene frå 1837 er uklåre, utbreiinga av kommunen strekte seg i hovudsak rundt Vågen, austover over Valberget og Holmen til Østervåg og vidare litt austover, men inkluderte ikkje Verket. Kanskje var øyane Grasholmen og Sjølyst med. Området utanfor grensene låg i Stavanger prestegjelds landdistrikt, seinare nemnt Hetland herad.[1]

Fleire utvidingar med overføring av areal frå Hetland herad til bykommunen følgde mellom 1848 og 1965. I 1848 Verket, Møllehaugen og noko av Ladegård. 1866 kom utviding mot vest, Eiganes frå Kalhammervika til Mosvatnet og mot Våland. I 1878 og 1905 mot aust: Buøya, Engøya, delar av Våland, Storhaug, og i 1923 heile Hetlandshalvøya, resten av Våland og delar av Tjensvoll.[2][3]

Ved den store kommuneutvidinga i 1965 vart tidlegare Madla kommune og Hetland herad tatt inn i Stavanger kommune. Grensene på fastlandet som blei fastlagde då held fram som gjeldande grenser også etter siste kommunereforma med verknad frå år 2020. I perioden 1965 til 2019 var øya Åmøy delt mellom Rennesøy kommune og Stavanger kommune.

Frå og med 2020 er dei to tidlegare kommunane Rennesøy og Finnøy, og den delen av øya Ombo som låg i Hjelmeland, ein del av nye Stavanger kommune.[4]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Etter gjennomføringa av kommunereforma i Noreg frå 2020, er det øyane i Ryfylke som gjer ut for det meste av arealet til Stavanger kommune. Mindre enn 70 km² av totalarealet på 262,5 km² ligg på fastlandet på Nord-Jæren. På fastlandet grensar Stavanger i sør til Sandnes kommune, i vest mot Sola kommune og mot Hafrsfjorden, i nord mot Randaberg kommune og Åmøyfjorden, i aust mot Horgefjorden. Dei næraste kommunane til øyane i Ryfylkebassenget over sjø er Hjelmeland og Strand kommune. Frå 2020 går riksveg 13 gjennom Stavanger kommune frå øya Hundvåg, og til Solbakk i Strand kommune gjennom Solbakktunellen i Ryfast. Det høgste fjellet i kommunen er Bandåsen på Ombo, 514 moh.[5] Den største innsjøen i kommunen er Stora Stokkavatnet, 11 moh. på Nord-Jæren med eit areal på 2,19 km².

Kommunen er delt inn i ni kommunedelar. Dette er Eiganes og Våland, Finnøy, Hillevåg, Hinna, Hundvåg, Madla og Kvernavik, Rennesøy, Storhaug og Tasta.[6]

Siddisar[endre | endre wikiteksten]

Forfattaren Alexander Kielland, diktaren Sigbjørn Obstfelder, målaren Lars Hertervig og komponisten Fartein Valen voks alle opp i Stavanger.

Museum og minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hetland kommune» av Geir Thorsnæs i Store norske leksikon, snl.no. Henta 5. januar 2020.
  2. Hetland herad 1837-1937. Dreyer. 1937. 
  3. Hetland sparebank. [Sparebanken]. 1991. ISBN 8299236207. 
  4. Informasjonsside hos nye Stavanger kommune. Henta 28. desember 2019
  5. Høyeste fjell i kommunen Kartverket, henta 24. mars 2020
  6. Kommunedeler i Stavanger, nettside Stavanger kommune. Henta 24. mars 2020

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stavanger kommune