Stavfjorden i Sogn og Fjordane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°27′59.972″N 5°5′58.978″E Stavfjorden er ein fjord langs grensa mellom Askvoll og Flora komunar i Sogn og Fjordane fylke. Han ligg ytst i havgapet og strekkjer seg 18 km austover til starten av Førdefjorden. Fjorden ligg på sørsida av øya Askrova og Svanøy i Brulandet, medan Stavenesodden ligg på sørsida. Sør for Stavenesodden ligg Stongfjorden, medan Brufjorden ligg nord for Brulandet.

Av busetnader på sørsida finn ein bruka Stavestranda og Vågane, eit godt stykke inn i fjorden. Her går òg Rv609 langs fjorden. Ved Flokeneset endar Stavfjorden og Førdefjorden held fram 37 km austover i landet.