Stavingsberande konsonant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein stavingsberande konsonant eller syllabisk konsonant er ein konsonant som kan utgjera ei eiga staving eller vera kjerne i ei staving. I norske dialektar er det vanlegvis dei klangfulle konsonantane n og l som har ein slik funksjon. I IPA-lydskrift blir stavingsberande konsonantar markerte med ein loddrett strek under konsonanten, til dømes [n̩] eller [l̩].

Stavingar består vanlegvis av ein vokal eller diftong (stavingskjerne) pluss ein eller fleire konsonantar. Døme på dette er orda båt og kast, som kvar består av ei staving, og orda stein-en og rei-skap, som inneheld to stavingar kvar. Stavingar kan også bestå av berre ein vokal, t.d. preposisjonen i, eller ein diftong, t.d. substantivet øy. I desse tilfella seier vi at vokalen eller diftongen er stavingsberande.

Men i visse høve kan ein konsonant ha denne funksjonen. I substantiva vatn og botn, som også finst i nynorsk skriftmål, er n-en stavingsberande. I mange dialektar er artikkelen i bunden form eintal ein stavingsberande n, t.d. i hankjønnsorda båt'n [bɔ:tn̩] (båten) og bil'n [bi:ln̩] (bilen). I nokre dialektar kan bunden form fleirtal av hokjønnsord ha stavingsberande n, til dømes jent'ne [jεntn̩ə] (jentene). Og vi finn stavingsberande n i uttrykk som der satt'n [dæʃɑtn̩] (der sat han). [1][2]

I nokre dialektar kan l vera stavingsberande. Døme på dette er substantiva hand'l [hɑndl̩] (handel), put'l [pʉtl̩] (=småarbeid) og syk'l [sykl̩] (sykkel). I bergensk er det vanleg at artikkelen n i bunden form eintal fell bort etter l. L-en blir då stavingsberande. Døme på dette er so'l [so:l̩] (sola) og sto'l [sto:l̩] (stolen).[3] Også i sunnhordlandsdialekten finn vi mange døme på dette fenomenet. Her kan ein finna bøyinga ein kveld [kvεld] - kve'l [kve:l̩] (ein kveld - kvelden).

Interjeksjonen pst er eit spesielt tilfelle. Her er s stavingsberande.

Stavingsberande konsonantar er eit vanleg fenomen i norske dialektar.

I andre språk[endre | endre wikiteksten]

Stavingsberande konsonantar finst i mange språk, til dømes i engelsk, tysk, tsjekkisk, slovakisk, slovensk og serbokroatisk. I engelsk finst stavingsberande l, m og n. Døme er button [bɐʔn̩] (knapp), bottle [bɒtl̩ˠ] (flaske) og rhythm [ˈɹɪðm̩] (rytme).[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sandøy 1993, s. 30f.
  2. Skjekkeland 1997, s. 26f.
  3. Pettersen 1990, s. 203.
  4. Sjå artikkelen på engelsk.