Stay av Anna Odobescu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Stay»
Song av Anna Odobescu
Land Moldova
Språk Engelsk
Utgjeve 25. januar 2019
Sjanger Pop
Lengd 03:00
Låtskrivar(ar) Georgios Kalpakidis, Thomas Reil, Jeppe Reil, Maria Broberg
Anna Odobescu framfører «Stay» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.

«Stay» (norsk 'bli') er ein popsong frå 2019 som vert framført av den moldovske songaren Anna Odobescu. Songen vann den moldovske songtevlinga O melodie pentru Europa 2019 og var det moldovske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Stay» er skriven av eit låtskrivarlag beståande av tysk-greske Georgios Kalpakidis, danskane Thomas og Jeppe Reil og svenske Maria Broberg.[2] Songen vart send inn til den moldovske tevlinga O melodie pentru Europa på tv-kanalen Moldova 1 i mars 2019. Songen vart framført av Anna Odobescu og vann tevlinga. Gjennom sigeren vart songen det moldovske bidraget i Eurovision Song Contest 2019.[3]

I januar 2019 vart Moldova trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Moldova har startnummer 3.[4] «Stay» enda på ein 12. plass i semifinalen og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.[5]

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Digital nedlasting[6]
Nr Tittel Lengd
1. «Stay» 3:00
2. «Stay» (Alternativ edit) 3:00
3. «Stay» (Instrumentalversjon) 3:00

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Anna Odobescu». Henta 5. mai 2019. 
  2. «Maria Broberg - Heaven Can Wait». Henta 5. mai 2019. 
  3. «Anna Odobescu sings Moldova's melody for Europe this year». EBU. 2. mars 2019. Henta 5. mai 2019. 
  4. «Second Semi-Final of Tel Aviv 2019». EBU. Henta 5. mai 2019. 
  5. «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019. 
  6. «‎Stay – Single by Anna Odobescu». iTunes (engelsk). Henta 5. mai 2019.