Obscured by Clouds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stay av Pink Floyd)
Obscured by Clouds
Filmmusikkalbum av Pink Floyd
Språk engelsk
Utgjeve 2. juni 1972[1]
Innspelt 23–29. februar og 23. mars–6. april 1972
Studio Strawberry Studios, Château d'Hérouville i Hérouville i Frankrike; miksa i Morgan Studios i London[2]
Sjanger Progressiv rock
Lengd 40:08
Selskap
Produsent Pink Floyd
Pink Floyd-kronologi 
Meddle
(1971)
Obscured by Clouds The Dark Side of the Moon
(1973)


Singlar frå Obscured by Clouds
  1. «Free Four»
    Utgjeve: 3. juni 1972

Obscured by Clouds er det sjuande studioalbumet til det engelske rockebandet Pink Floyd, utgjeve den 2. juni 1972 på Harvest og Capitol Records. Det er basert på filmmusikken til den franske filmen La Vallée av Barbet Schroeder. Det vart spelt inn i to vender i Frankrike, medan dei heldt på å turnere og vart produsert av bandet sjølv.

Albumet er langt kortare enn somme av dei tidlegare albuma deira, og dei har brukt mykje akustisk gitar. Tekstane handlar om kjærleik, noko som går att i filmen dei var inspirerte av. Den einaste singelen frå albumet, «Free Four», kom berre ut i USA.

Obscured by Clouds vert ofte sett på som fyllmateriale for bandet, som hadde byrja å arbeide på det neste albumet sitt, The Dark Side of the Moon (1973). Resultatet vert ofte oversett i katalogen deira, hovudsakleg fordi det hamna i skuggen av dei seinare albuma. Likevel nådde albumet sjetteplassen på albumlista i Storbritannia og 46. plassen i USA, og det har stort sett fått positiv omtale av både fans og kritikarar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1972 hadde Pink Floyd spelt inn musikk for filmane The Committee (1968) og More (1969),[3] og delar av Zabriskie Point (1970). Etter suksessen med More spurte regissøren Barbet Schroeder bandet om å spele inn musikk til det neste store prosjektet hans når det ein gong måtte kome.[4] Den nye filmen, La Vallée, handla om to personar på ei andeleg reise i Ny-Guinea, og Schroeder tenkte at musikken til Pink Floyd kunne passe inn.[5] Gruppa hadde alt byrja å arbeide på eit nytt album, The Dark Side of the Moon, og spelt inn nokre grunnleggjande spor og framført songane på konsertane sine, men tok to pausar og drog til Strawberry Studios i Château d'Hérouville i Frankrike, midt i ein japansk turne, for å skrive og spele inn musikk for filmen.[6] Albumet vart så miksa frå 4–6. april i Morgan Sound Studios i London.[2]

På same måte som dei hadde gjort med More såg dei eit grovt klipp av filmen og noterte ned tider med hjelp av ei stoppeklokke. Ut av dette skapte dei ei rekkje stykke som dei meinte kunne kryssfade på forskjellige punkt i den endelege versjonen av filmen. Dei var ikkje behov for ferdige songar eller soloar, men likevel klarte dei under presset om skape materiale å lage fleire velstrukturerte songar.[3] Trommeslagaren Nick Mason hugsa at innspelingane gjekk særs raskt, og at bandet brukte mesteparten av tida i Paris innelåst i studioet.[4]

Under dei første innspelingane i februar 1972, filma den franske TV-kanalen ORTF eit kort klipp av bandet som speler inn albumet, inkludert intervju med bassisten Roger Waters og gitaristen David Gilmour.[2] I eit klipp av intervju i Abbey Road Studios som seinare kom ut i kinoversjonen (seinare på VHS og Laserdisc og «Director's Cut»-versjonen av DVD-en) av Pink Floyd: Live at Pompeii, sa Waters at tidlege britiske trykk av albumet hadde for mykje visling.[7]

Etter innspelinga var over, hamna bandet i ein krangel med filmselskapet, og dei gav derfor filmmusikkalbumet ut som Obscured by Clouds, og ikkje La Vallée. Som svar på det vart filmen kalla La Vallée (Obscured by Clouds) då han kom ut.[4]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Songane på Obscured by Clouds er alle korte og økonomiske, i motsetnad til dei lange instrumentalane ein finn på mange Pink Floyd-album. Fleire av songane hadde spor av country og det vart brukt mykje akustisk gitar.[8] Det vert òg nytta VCS 3-synthesizer, som Wright hadde kjøpt frå BBC Radiophonic Workshop.[5]

Obscured by Clouds[endre | endre wikiteksten]

Opningssporet er ein instrumental som startar med lag på lag av VCS 3-synthesizerar, som gjev eit inntrykk av ein vegg av lyd som kjem nærare og nærare. Etter kvart kjem dei elektroniske trommene[4] til Mason inn og gitaren til Gilmour. Songen glir så rett over i neste spor «When You’re In». Desse to songane vart ofte spelt i lag på konsertar i 1972-1973,[9] og opna vanlegvis konsertane på turnéen etter The Dark Side of the Moon. Konsertversjonane hadde ein lengre intro før trommene kjem inn, der Gilmour spelte slidegitar og Waters spelte bass. Dei var òg ein del av eit sett som gruppa brukte i samarbeidet sitt med Roland Petit og Ballet National de Marseille i Palais de Sports i Paris, tidleg i 1973.[10]

When You’re In[endre | endre wikiteksten]

Som første sporet er òg dette ein instrumental. Konsertversjonane var ofte mykje lenger med gitarsolo av Gilmour og både hammondorgel- og minimoogsolo av Wright. Tittelen kom frå scenearbeidaren Chris Adamson som brukte å sei «I'm in. And when you're in, you're in».[5]

Burning Bridges[endre | endre wikiteksten]

«Burning Bridges» var ein av to songar der klaverspelaren Richard Wright (som skreiv musikken) samarbeidde med Waters (som skreiv tekstane).[9] Songen vert sungen av Gilmour og Wright. Det instrumentale sporet «Mudmen», som kjem seinare på albumet har ein del parti som er ganske så lik denne songen.

The Gold It’s in the...[endre | endre wikiteksten]

Songen omhandlar ein reisande som legg ut på leiting etter noko, berre for moro skuld. Dette kan ein høyre i tekstlinjer som «They say there's gold, but I'm looking for thrills», og «You can get your hands on whatever we find, 'cause I'm only coming along for the ride». Songen er utypisk for Pink Floyd med eit mykje hardare lydbilete enn ein vanlegvis høyrer av dette bandet.

Wot’s...Uh the Deal[endre | endre wikiteksten]

Songen har melodi og vokal av Gilmour, medan Waters skreiv teksten. Han er aldri blitt spelt på konsert av Pink Floyd, men vart henta fram att av Gilmour på turneen hans i 2006.[11] Ein av desse framføringane finst på DVD-en Remember That Night frå 2007[12] og på vinylutgåva av konsertalbumet Live in Gdańsk frå 2008.[13]

Mudmen[endre | endre wikiteksten]

Denne instrumentalen er skriven av Wright og Gilmour og var siste gongen dei skreiv ein song i lag før 1994. Musikken er forholdsvis lik songen «Burning Bridges» tidlegare på albumet.

Childhood’s End[endre | endre wikiteksten]

«Childhood's End» var den siste songen Pink Floyd gav ut med tekst skriven av Gilmour før A Momentary Lapse of Reason i 1987. Teksten var inspirert av romanen med same namn av Arthur C. Clarke, og omhandlar blant anna dei siste dagane til Jan Rodricks, den siste mannen på Jorda, frå dei siste sidene av boka. Både strukturen og det musikalske temaet i songen har visse likskapstrekk til «Time» frå The Dark Side of the Moon, særskild trommene i starten som vart nytta om att på «Time».[14]

Han vart framført på eit par av konsertane deira seint i 1972 og tidleg i 1973.

Free Four[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Free Four.

«Free Four» var den første Pink Floyd-songen sidan «See Emily Play» som vart ein del spelt på radio i USA,[15] og den andre (etter «Corporal Clegg» frå A Saucerful of Secrets)[16] som omhandla dødsfallet til faren til Waters under andre verdskrigen.[15][17] Tittelen kjem frå oppteljinga i starten, «One, two, 'free, four!», som vert sagt med Cockney-aksent.[18] Sporet vart gjeven ut på singel i USA, sidan bandet tenkte han passa for AM-radio.[19]

Stay[endre | endre wikiteksten]

«Stay» vart skriven og sungen av Wright, med tekst av Waters, ein uvanleg låtskrivarkombinasjon for bandet. Denne balladen er forholdsvis utypisk for Pink Floyd, og fortel historia om ein mann som ikkje kan hugse namnet på jenta han vaknar opp med om morgonen.[18] Songen vart gjeven ut som b-sida på singelen «Free Four» i 1972.

Absolutely Curtains[endre | endre wikiteksten]

«Absolutely Curtains», er ein avsluttande instrumental på albumet, og endar med ei innspeling frå Mapuga-stamma, som ein kan sjå i filmen.[6]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[20]
Christgau's Record GuideC[21]
The Daily Telegraph3/5 stars[22]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[23]
Paste7.0/10[24]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[25]

Plateomslaget vart, som mange andre Pink Floyd-album, designa av Storm Thorgerson og Aubrey Powell i Hipgnosis. Det bestod av eit fotografi av ein mann som sit i eit tre, som er så ute av fokus at det heilt forvridd. Hipgnosis sat og såg gjennom stillbilete frå filmen på ein 35mm-projektor, og likte den visuelle effekten når eine lysbiletet sette seg fast. Schroeder sa seinare at bandet ikkje ønskte å lage eit omslag som var like bra som The Dark Side of the Moon for at det ikkje skulle konkurrere med dette, men Thorgerson insisterte på at det skulle gjerast like skikkeleg som dei andre Floyd-albuma.[26][19]

Obscured by Clouds kom ut i Storbritannia den 2. juni 1972 og så i USA den 15. juni 1972, begge på Harvest. Albumet nådde toppen av lista i Frankrike,[27] sjetteplassen i Storbritannia,[28] og 46. plassen[29] på den amerikanske albumlista (der det selde til gullplate i 1997).[30] I 1986 vart albumet gjeven ut på CD. Ein digitalt ommastra CD kom ut i mars i 1996 i Storbritannia og i august 1996 i USA. Det vart miksa på ny i 2016 for plateboksen Early Years og gjeve ut som eiga utgjeving året etter.[31]

Albumet hamna i skuggen av The Dark Side of the Moon, som kom ut mindre enn eitt år seinare, men Mason har kalla det eit av favorittalbuma hans av Pink Floyd.[9] Seinare meldingar av albumet har vore blanda. The Daily Telegraph skreiv at «dei elegante instrumentalane peikar framover mot Dark Side»,[22] medan Rolling Stone kalla det eit «keisamt filmmusikkalbum».[25]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Obscured by Clouds»Gilmour, WatersInstrumental3:03
2.«When You're In»Gilmour, Waters, Wright, MasonInstrumental2:18
3.«Burning Bridges»Wright, WatersGilmour, Wright3:29
4.«The Gold It's in the...»Gilmour, WatersGilmour3:07
5.«Wot's... Uh the Deal?»Gilmour, WatersGilmour5:08
6.«Mudmen»Wright, GilmourInstrumental4:20
Total lengd:21:25
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Childhood's End»GilmourGilmour4:31
2.«Free Four»WatersWaters4:15
3.«Stay»Waters, WrightWright4:05
4.«Absolutely Curtains»Gilmour, Waters, Wright, MasonInstrumental, song av Mapuga-stamma5:52
Total lengd:18:43

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

(henta frå AllMusic)[20]

Pink Floyd

Andre medverkande

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Salslister
Liste (1972) Plassering
Australia (Kent Music Report)[32] 44
Canada Top Albums/CDs (RPM)[33] 32
Den danske albumlista (Tracklisten)[34] 3
Nederlandske album (MegaCharts)[35] 3
Tyske album (Offizielle Top 100)[36] 19
Britiske album (OCC)[28] 6
US Billboard 200[29] 46
Salstrofé
Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[37] 195,900[38]*
Storbritannia (BPI)[39] Sølv 60 000^
USA (RIAA)[30] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Obscured by Clouds» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2019.
  • Blake, Mark (2011). Pigs Might Fly: The Inside Story of Pink Floyd. Arum Press. ISBN 978-1-845-13748-9. 
  • Mabbett, Andy (2010). Pink Floyd- The music and the mystery: The Music and the Mystery. Omnibus Press. ISBN 978-0-857-12418-0. 
  • Manning, Toby (2006). «The Albums». The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. ISBN 1-84353-575-0. 
  • Mason, Nick (2004). «There Is No Dark Side». Inside Out: A Personal History of Pink Floyd (New utg.). Widenfeld & Nicolson. ISBN 0-297-84387-7. 
  • Povey, Glenn (2006). «Playing Different Tunes 1972–1973». Echoes : The Complete History of Pink Floyd (New utg.). Mind Head Publishing. ISBN 978-0-9554624-0-5. 
  1. Povey 2006, s. 168.
  2. 2,0 2,1 2,2 Povey 2006, s. 166.
  3. 3,0 3,1 Manning 2006, s. 164.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Mason 2004, s. 164.
  5. 5,0 5,1 5,2 Blake 2011, s. 182.
  6. 6,0 6,1 Povey 2006, s. 155.
  7. «Obscure by Clouds by Pink Floyd». Classic Rock Review. November 2012. Henta 22. juni 2019. 
  8. Blake 2011, s. 183.
  9. 9,0 9,1 9,2 Mabbett 2010, s. 114.
  10. Povey 2006, s. 173.
  11. Mabbett 2010, s. 115.
  12. Mabbett 2010, s. 303.
  13. «David Gilmour : Live in Gdańsk (LP)». AllMusic. Henta 22. juni 2019. 
  14. Mabbett 2010, s. 117–8.
  15. 15,0 15,1 Manning 2006, s. 165.
  16. Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus. ISBN 0-7119-4301-X. 
  17. Mason, Stewart. Obscured by CloudsAllmusic. Henta 4. juli 2011.
  18. 18,0 18,1 Mabbett 2010, s. 118.
  19. 19,0 19,1 Blake 2011, s. 184.
  20. 20,0 20,1 Erlewine, Stephen Thomas. Obscured by CloudsAllmusic. Henta 4. juli 2011.
  21. Christgau, Robert (1981). «Pink Floyd: Obscured by Clouds». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 0-89919-025-1. Henta 22. juni 2019. 
  22. 22,0 22,1 McCormick, Neil (20. mai 2014). «Pink Floyd's 14 studioalbums rated». The Daily Telegraph (London). Henta 11. juni 2019. 
  23. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (på engelsk). Omnibus Press. ISBN 9780857125958. Henta 13. juni 2019. 
  24. Deusner, Stephen (6. oktober 2011). «Pink Floyd: Obscured by Clouds ('Why Pink Floyd?' Reissue)». Paste. Henta 22. juni 2019. 
  25. 25,0 25,1 Sheffield, Rob (2. november 2004). «Pink Floyd: Album Guide». Rolling Stone. Wenner Media, Fireside Books. Arkivert frå originalen 17. februar 2011. Henta 11. juni 2019. 
  26. Mabbett 2010, s. 113.
  27. «Infodisc – Pink Floyd – Obscured By Clouds». www.infodisc.fr. Henta 2. mars 2011. 
  28. 28,0 28,1 "Pink Floyd | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 11. juni 2019.
  29. 29,0 29,1 "Pink Floyd Album & Song Chart History" Billboard 200 for Pink Floyd. Prometheus Global Media. Henta 11. juni 2019.
  30. 30,0 30,1 «American album salstrofé – Pink Floyd – Obscured by Clouds». Recording Industry Association of America. Henta 11. juni 2019.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  31. «Pink Floyd, The Early Years». Sounds Magazine. 23. mars 2017. Henta 22. juni 2019. 
  32. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (Illustrated utg.). St. Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 233. ISBN 0-646-11917-6. 
  33. "Top RPM Albums: Nummer 4171". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 11. juni 2019.
  34. «LP Top 10, 3. juli 1972». Henta 22. juni 2019. 
  35. "Pink Floyd – Obscured by Clouds". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 11. juni 2019.
  36. "Offiziellecharts.de – Pink Floyd – Obscured by Clouds" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 11. juni 2019.
  37. «French album salstrofé – Pink Floyd – Obscured by Clouds» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 11. juni 2019. 
  38. http://infodisc.fr/Ventes_Albums_Tout_Temps.php?debut=2200
  39. «British album salstrofé – Pink Floyd – Obscured by Clouds». British Phonographic Industry. Henta 11. juni 2019.  Enter Obscured by Clouds in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Obscured by Clouds