Stearinsyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strukturen til stearinsyre
Stearinsyre

Stearinsyre (systematisk namn oktadekansyre, kjemisk formel CH3(CH2)16COOH) er ei einprotisk metta feittsyre med 18 karbonatom. Ho har smeltepunkt ved kring 69 °C, og kan i fast form danna feittglinsande krystallskjel.

Stearinsyre har fleire tekniske bruksområde, mellom anna til framstilling av fleire stearat, i smøremiddel og i farmasøytiske og kosmetiske preparat. Natriumsalt av stearinsyre er ein viktig del av vanleg såpe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]