Stedjetunet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stedjetunet er ein eigedom i Sogndal kommune i Vestland fylke. Stedjetunet er eigd og vert driven av Stiftinga Stedjetunet som er skipa av kyrkjelydane i Sogndal prestegjeld (Kaupanger, Norum og Stedje sokn).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eigedomen var opphavleg ein del av gardsbruket Øvre Stedje og ligg på ein marin terrasse 27 meter over havet, med utsikt over dalen og Sogndalsfjorden. Frå 1894 vart hovudbygningen nytta til pensjonat- og hotelldrift. I perioden 1921 til 1981 vart den store trebygningen nytta som aldersheim i kommunen.

Frå 1980-talet vart bygningen teken i bruk til ei rekkje føremål. Stiftinga opna kommunens første heildagsbarnehage der i 1979. Stedje barnehage er i dag framleis driven som privat barnehage med plass til 68 born. Stedjetunet husa etter kvart også arkitektkontor, og noko seinare kyrkjekontoret i Sogndal og Leikanger med eit titals kontorarbeidsplassar.

Den historiske bygningen har vore brukt som forsamlingslokale og kyrkjelydshus for fleire tusen kyrkjelydsmedlemmer – med kyrkjekafé, søndagsskule, ungdomsklubb, nattkafé, speidarsamlingar og studentlag, og til konfirmasjonar, dåpsfeiring og liknande.

Den gamle trebygningen brann og vart totalskadd 3. desember 2017. Ingen personar vart skadde i brannen.

Gjenreising etter brannen[endre | endre wikiteksten]

I 2018 vedtok eigarstiftinga å gjenreise Stedjetunet. Byggearbeidet starta hausten 2019 og skal etter planen vere ferdigstilt innan utgangen av 2020. Bygningen skal gi rom for utleige til Stedje barnehage, til forsamlingsføremål, kyrkjekontor, arkitektkontor og andre kontorplassar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]