Steely Dan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steely Dan

Steely Dan i 2007. Walter Becker (v) speler elektrisk gitar, Donald Fagen (h) speler melodica.
OpphavAnnandale-on-Hudson i New York i USA
Aktiv1971–1981, sidan 1993
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
Tidlegare medlemmer
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Steely Dan er eit USA-amerikansk rockeband skipa i 1971 av Walter Becker (gitar, bass, korvokal) og Donald Fagen (klaverinstrument, solovokal). Dei blanda element av rock, jazz, latinamerikansk musikk, R&B, blues[3] og sofistikert studioproduksjon med kryptiske og ironiske tekstar, og var både kritikarroste og selde godt frå dei byrja tidleg i 1970-åra fram til bandet vart oppløyst i 1981.[3] I starten hadde bandet ein kjerne av ei bestning, men i 1974 slutta Becker og Fagan å halde konsertar og bandet vart eit reint studioband, som valde å spele med forskjellige studiomusikarar. Rolling Stone har kalla dei «dei perfekte musikalske antiheltane for 70-åra».[4]

Etter gruppa vart oppløyst i 1981, var Becker og Fagan mindre aktive det neste tiåret. Då bandet kom saman att i 1993 har Steely Dan turnert mykje og gjeve ut to album med nytt materiale. Det første av desse, Two Against Nature, vann dei Grammyprisen for årets album. Dei har selt meir enn 40 millionar album verda over og vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i mars 2001.[5][6][7][8] VH1 rangerte Steely Dan på 82. plassen på lista si over dei 100 beste artistane gjennom tidene.[9] Rolling Stone rangerte dei på 15. plassen på lista si over dei 20 beste duoane gjennom tidene.[10] Walter Becker døydde 9. januar 2021 og Fagen vart det einaste offisielle medlemmet att i bandet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipinga og tidlege år (1967–1972)[endre | endre wikiteksten]

Becker og Fagen møtte kvarandre i 1967 på Bard College i Annandale-on-Hudson i New York. Då Fagen gjekk forbi ein kafé, The Red Balloon, høyrde han Becker øve på gitaren sin.[11] I eit intervju fortalte Fagen om hendinga: «Eg høyrde denne karen som øvde, og det høyrdest særs profesjonelt og moderne ut. Det høyrdest ut i røynda ut som ein svart person.»[11] Han introduserte seg sjølv for Becker og spurte om han ville spele i band i lag.[11] Dei oppdaga at dei hadde liknande musikksmak og dei to byrja å skrive songar i lag.

Becker og Fagen byrja å spele i lokale grupper. Nokre av desse, kalla The Don Fagen Jazz Trio, The Bad Rock Group og seinare The Leather Canary, inkluderte den framtidige komikarstjerna Chevy Chase på trommer. Dei spelte coverversjonar av songar av The Rolling StonesDandelion»), Moby Grape («Hey Grandma») og Willie DixonSpoonful»), i tillegg til somme originale songar.[11] Terence Boylan, ein annan musikar som gjekk på Bard hugsa at Fagen levde eit beatnik-liv medan han gjekk på college: «Dei kom aldri ut av romma sine og var oppe heile natta. Dei såg ut som spøkjelse - svarte, høghalsa genserar og hud så kvit at det såg ut som jogurt. Absolutt ingen aktivitet, kjederøyking av Lucky Strikes og dop[11] Fagen sjølv sa seinare at «det var truleg den einaste tida i livet mitt eg faktisk hadde vener.»[12]

Etter at Fagen tok eksamen i 1969, flytta dei to til Brooklyn og prøvde å selje songar i Brill BuildingManhattan. Kenny Vance (frå Jay and the Americans), som hadde eit produksjonskontor i bygningen, fatta interesse i musikken deira, som førte til at dei arbeidde på filmmusikken til ein lågbudsjettsfilm av Richard Pryor, You've Got to Walk It Like You Talk It or You'll Lose That Beat. Becker sa seinare at «Me gjorde det berre for pengane.»[13] Ei rekkje demoar frå 1968 til 1971 er seinare gjeve ut på ymse album, ingen av dei autoriserte av Becker og Fagen.[14] Denne samlinga består av kring 25 spor og er kjend for sine enkle arrangement (Fagen speler solopiano på mange av dei) og dårlege lyd, i kontrast til det seinare arbeidet til Steely Dan. Sjølv om somme av desse songane («Caves of Altamira», «Brooklyn», «Barrytown») vart spelte inn for Steely Dan-album, men dei fleste vart aldri gjeve ut offisielt.

Becker og Fagen slo seg saman med turnébandet Jay and the Americans i kring eitt og eit halv år.[15] Dei fekk første betalt hundre dollar per konsert, men halvvegs gjennom tida deira i bandet, reduserte turnémanageren løna deira til halvparten.[15] Songaren i gruppa, Jay Black, kalla Becker og Fagen «the Manson and Starkweather of rock 'n' roll», og refererte til kultleiaren Charles Manson og massemordaren Charles Starkweather.[15]

Dei hadde lite suksess eter dei flytta til Brooklyn, sjølv om Barbra Streisand spelte inn songen deira «I Mean To Shine» i 1971 på albumet hennar Barbra Joan Streisand. Hellet deira endra seg då ein av medarbeidarane til Vance, Gary Katz, flytta til Los Angeles for å bli fast produsent hos ABC Records. Han hyrte Becker og Fagen som faste låtskrivarar. Dei flytta til California. Katz produsertre alle albuma dei gav ut i 1970-åra i lag med lydteknikaren Roger Nichols. Nichols vann seks Grammyprisar for arbeidet sitt med bandet frå 1970-åra til 2001.[16]

Katz forstod òg at songane deira var for komplekse for andre ABC-artistar og føreslo at Becker og Fagen skulle skipe sitt eige band med gitaristane Denny Dias og Jeff «Skunk» Baxter, trommeslagaren Jim Hodder og songaren David Palmer, og Katz signerte dei til ABC som plateartistar. Fagen og Becker var fans av litteratur frå Beat-generasjonen og kalla opp bandet sitt etter ein «revolusjonerande» dampdriven dildo nemnd i William S. Burroughs-romanen Naken lunsj.[17][18][19] Palmer kom inn som andre solovokalist fordi Fagen stundom hadde sceneskrekk og var motvillig til å syngje føre publikum, og fordi selskapet meinte at røysta hans ikkje var «kommersiell» nok.

I 1972 gav ABC ut den første singelen til Steely Dan, «Dallas», med B-sida «Sail the Waterway». Opplaget av singelen var visstnok særs avgrensa[20] og singelen selde så dårleg at det i dag er enklare å få tak i promoeksemplar enn dei selde eksemplar på samlarmarknaden. I 2015 er «Dallas» og «Sail the Waterway» den einaste offisielle utgjevingane til Steely Dan som aldri er gjevne ut på kassett eller CD. I eit intervju (1995), kalla Becker og Fagen songane «stinko.»[21] «Dallas» vart seinare spelt inn av Poco på albumet deira Head Over Heels.

Can't Buy a Thrill og Countdown to Ecstasy (1972–1973)[endre | endre wikiteksten]

Can't Buy a Thrill var debutalbume til Steely Dan og kom ut i 1972. Hitsinglane «Do It Again» og «Reelin' In the Years» nådde sjetteplassen og 11. plassen på Billboard-lista. I lag med «Dirty Work» (sungen av David Palmer), vart songane mykje spelt på progressiv radio.

Fordi Fagen var motvillig til å syngje på konsertane deira, var det Palmer som song dei fleste songanepå scenen. Under den første turneen deira, kom Katz og Becker fram til at dei føretrekte tolkingane til Fagen av songane deira, og overtalte han til å ta over. Palmer slutta i det stille medan gruppa spelte inn det andre albumet sitt. Han skreiv songen «Jazzman» (1974) som vart ein stor hit for Carole King.

Countdown to Ecstasy kom ut i 1973 og selde ikkje like godt som debutplata. Becker og Fagen var misnøgde med somme av framføringane på albumet og meinte det selde dårleg fordi det var blitt for raskt spelt inn medan dei var på turné. Singlane får albumet var «Show Biz Kids» og «My Old School», som begge gjekk inn på nedre halvdel av Billboard-lista (sjølv om «My Old School» og - i mindre grad - «Bodhisattva» vart mykje spelt på FM Rock-radio på den tida).

Pretzel Logic og Katy Lied (1974–1976)[endre | endre wikiteksten]

Gitaristen Jeff «Skunk» Baxter slutta i Steely Dan i 1974 då dei slutta å spele konsertar og berre vart eit studioband.

Pretzel Logic kom ut tidleg i 1974. Det var variert og inkluderte den mest suksessrike singelen deira, «Rikki Don't Lose That Number» (fjerdeplassen på Billboard Hot 100), og ei utgåve av Duke Ellington og James «Bubber» Miley sin «East St. Louis Toodle-Oo».

Under den førre albumturneen hadde bandet fått med seg vokalisten og perkusjonisten Royce Jones, vokalisten og klaverspelaren Michael McDonald og studiomtrommeslagaren Jeff Porcaro.[22] Porcaro spelte berre det einaste trommesporet på éin song, «Night By Night» på Pretzel Logic (Jim Gordon spelte trommer på dei andre, og han og Porcaro spelte begge på «Parker's Band»), som synte at Steely Dan i aukande grad nytta seg av studiomusikarar (inkludert Dean Parks og Rick Derringer). Jeff Porcaro og Katy Lied-pianisten David Paich kom til å skipe Toto i lag. Becker og Fagen søkte mot perfeksjon og spurte stundom musikarane å spele inn så mange som førti opptak av same spor.[23]

Pretzel Logic var det første Steely Dan-albumet med berre Walter Becker på gitar. «Då eg møtte [studiomusikaren] Chuck Rainey», sa han, «så følte eg at det ikkje var noko vits lenger å ta med meg bassgitaren til studioet».[23]

Det oppstod ein rift mellom Becker-Fagen og dei andre medlemmane i Steely Dan (særskild Baxter og Hodder), som ønskte å turnere. Becker og Fagen mislikte den stadige turneringa og ønskte seg å konsentrere seg om å berre skrive og spele inn musikk. Dei andre medlemmane forsvann gradvis frå bandet. Dias vart derimot verande med bandet fram til Gaucho og Michael McDonald bidrog med vokal fram til gruppa tok ein tjue år lang pause etter Gaucho. Baxter og McDonald vart medlemmar av The Doobie Brothers. Den siste konserten til Steely Dan i 1970-åra var 5. juli 1974, i Santa Monica Civic Auditorium i California.[24]

Becker og Fagen henta inn ymse studiomusikarar for Katy Lied (1975), inkludert Porcaro, Paich og McDonald, i tillegg til gitaristen Elliott Randall, jazzsaksofonisten Phil Woods, saksofonisten/bassgitaristen Wilton Felder, perkusjonisten/vibrafonist/klaverspelaren Victor Feldman, klaverspelaren (og seinare produsenten) Michael Omartian og gitaristen Larry Carlton. Dias, Becker og Fagen var dei einaste originale medlemmane att i Steely Dan. Albumet selde til gullplate på grunn av singlane «Black Friday» og «Bad Sneakers», men Becker og Fagen var så misnøgde med lyden på albumet (som følgje av feil på eit DBX støyreduksjonssystem) som dei offentleg unnskulda seg for (på baksida av plateomslaget) og i fleire år nekta dei å gje det ut i heilskapen sin.[25] Katy Lied inkluderte òg «Doctor Wu» og «Chain Lightning».

The Royal Scam og Aja (1976–1978)[endre | endre wikiteksten]

The Royal Scam kom ut i mai 1976. Dels på grunn av dei mange bidraga til Carlton, er dette det mest gitarorienterte albumet deira. Studiotrommeslagaren Bernard Purdie speler òg på albumet. Albumet selde godt i USA, sjølv om det ikkje hadde ein hitsingel. I Storbritannia dreiv singelen «Haitian Divorce» (topp 20) albumsalet og det vart den første store hitten til Steely Dan der.[26] Det sjette albumet til Steely Dan, det jazzaktige Aja kom ut i september 1977. Aja nådde topp 5 på amerikanske lister i løpet av tre veker og vann Grammyprisen for beste lydteknikar. Det var òg eit av dei første amerikanske LP-ane som vart sertifisert til platina for eit sal på over 1 million eksemplar.[27][28]

Gary Katz sa om lydteknikaren Roger Nichols si rolle på Steely Dan-albuma: «Det var Roger som fekk dei platene til å høyrast ut som dei gjorde. Han var heilt utruleg i kor langt han var villig til å gå for å få platene til å høyrast betre ut. Me kunne ikkje ha laga dei platene utan Roger. Han var berre manisk i å få platene til å høyrast ut slike me ynskte det. Han meinte det alltid fanst ein betre måte å gjere det på, og han fann alltid kva som måtte til på måtar andre ikkje hadde gjort før.».[29] | salign = right }}

«Peg» med Michael McDonald på korvokal var den første singelen frå albumet og nådde 11. plassen på den amerikansk singellista. Denne vart følgd opp av «Josie» (26. plassen) og «Deacon Blues» (19. plassen). Aja stadfesta ryktet Becker og Fagen hadde som låtskrivarar og studioperfeksjonistar. Med seg på innspelinga hadde dei jazz- og fusion-gitaristane Larry Carlton og Lee Ritenour; bassisten Chuck Rainey; saksofonistane Wayne Shorter, Pete Christlieb og Tom Scott; trommeslagarane Steve Gadd, Rick Marotta og Bernard Purdie; pianisten Joe Sample og den tidlegare Miles Davis-pianisten/vibrafonisten Victor Feldman og den Grammyvinnande produsenten og arrangøren Michael Omartian (piano).

Dei planla ein turné for å markandsføre Aja, og Steely Dan sette saman eit konsertband. Øvingane enda og turneen vart avlyst då musikarane byrja å samanlikne løna dei fekk.[30] Innspelinga vart dokumentert i ein episode av TV- og DVD-serien Classic Albums.

Etter suksessen med Aja vart Becker og Fagen spurt om å skrive tittelsporet til filmen FM. Filmen selde særs dårleg, men songen vart ein hit og gav bandet nok ein Grammypris for lyden. Det vart ein mindre hit i Storbritannia og nådde berre så vidt ikkje topp 20 i USA.[26]

Gaucho og oppløysing (1978–1981)[endre | endre wikiteksten]

Becker og Fagen tok ein pause frå låtskrivinga gjennom det meste av 1978 før dei byrja å arbeide på Gaucho. Prosjektet gjekk ikkje glatt: tekniske, rettslege og personlege problem førte til at albumet vart forseinka og førte til slutt til at Becker og Fagen la samarbeidet sitt på is i over eitt tiår.[31]

Ei ulukke råka dei tidleg då ein assisterande lydteknikar ved eit uhell sletta det meste av «The Second Arrangement», ein favorittsong av Katz og Nichols,[32] og han vart aldri spelt inn att på ny. I mars 1979 kjøpte så MCA Records selskapet ABC, og for dei neste to åra fekk ikkje Steely Dan lov å gje ut eit album. Becker og Fagen hadde planar om å forlate ABC for Warner Bros. Records, men MCA kravde no eigarskap over musikken deira og hindra dei frå å byte selskap.

Becker hadde òg personlege problem. Kjærasten hans døydde i ein overdose i leilegheita deira på Upper West Side og han vart saksøkt for 17 millionar amerikanske dollar. Becker gjekk for eit forlik, men var sjokkert over skuldingane og av dekninga i tabloidpressa som følgde. Kort tid etter vart Becker råka av ein taxi då han skulle krysse ei gate på Manhattan, som knuste høgrebeinet hans fleire stader og tvang han til å bruke krykker.

Det var enno fleire rettslege problem som følgde. Jazzkomponisten Keith Jarrett saksøkte Steely Dan for brot på opphavsretten og hevda at dei hadde basert tittelsporet påGaucho på ein av hans komposisjonar, «Long As You Know You're Living Yours». Fagen innrømde seinare at han elska den songen og at han nok hadde vore ei stor inspirasjonskjelde.[33]

Gaucho kom til slutt ut i november 1980. Trass i soga var det nok ein suksess for bandet. Den første singelen deira, «Hey Nineteen», nådde tiandeplassen på poplista tidleg i 1981, og «Time Out of Mind» (med gitaristen Mark Knopfler frå Dire Straits) vart ein moderat hit på våren. «My Rival» vart nytta i John Huston-filmen Phobia i 1980. Roger Nichols vann den tredje Grammyprisen sin for arbeidet med lyden på albumet.

Pause (1981–1993)[endre | endre wikiteksten]

Steely Dan vart oppløyst i juni 1981.[34] Becker og familien hans flytta til Maui, der han vart ein «avokadodyrkar og sjølvutvikla kritikar av samtidsscenen.»[35] Han slutta og bruka dop, som han hadde gjort det meste av karrieren.[36][37][38] Samstundes gav Fagen ut soloalbumet The Nightfly (1982), som selde til platinaplate i både USA og Storbritannia og gav han topp 20-hitten «I.G.Y. (What a Beautiful World)». I 1988 skreiv Fagen musikken til Bright Lights, Big City og ein song for filmmusikkalbumet, men spelte elles inn lite. Han produsertre stundom andre artistar, og det same gjorde Becker. Dei mest kjende av desse var to album Becker produserte for den britiske sophisti-pop-gruppa China Crisis, som var sterkt inspirerte av Steely Dan.[39] Becker er oppført som offisielt medlem av China Crisis på det første av desse albuma, Flaunt the Imperfection i 1985, og spelte klaverinstrument på topp 20-hitten deira i Storbritannia, «Black Man Ray». For det andre albumet, Diary of a Hollow Horse, i 1989, er Becker berre oppført som produsent og ikkje bandmedlem.

I 1986 spelte Becker og Fagen på Zazu, eit album av den tidlegare modellen Rosie Vela produsert av Gary Katz.[40] Dei to tok opp att venskapen sin og byrja å skrive songar i lag mellom 1986 og 1987, men resultata vart ikkje ferdige.[41] Den 23. oktober 1991 var Becker på ein konsert av New York Rock and Soul Revue, som var skipa av Fagen og produsenten og songaren Libby Titus (som i mange år var kjæraste med Levon Helm i The Band og som seinare vart kona til Fagen) og spelte spontant med gruppa.

Becker produserte det andre soloalbumet til Fagen, Kamakiriad, i 1993. Fagen rekna albumet som ein oppfølgjar til The Nightfly.

Sameining, Alive in America (1993–2000)[endre | endre wikiteksten]

Steely Dan i 2007.

Becker og Fagen kom saman att for ein amerikansk turné for å marknasføre Kamakiriad, som selde dårleg, trass i at det vart nominert til ein Grammy for årets album. Becker spelte solo- og rytmegitar, og dei sette elles saman eit band som bestod av ein andre klaverspelar, gitarist, bassist, trommeslagar, vibrafonist, tre kvinnelege korsongarar og fire saksofonistar. Blant musikarane frå turnébandet fortsette fleire av dei å spele med Steely Dan det neste tiåret, inkludert bassisten Tom Barney og saksofonistane Cornelius Bumpus og Chris Potter. I løpet av denne turneen introduserte Fagen seg som «Rick Strauss» og Becker som «Frank Poulenc».

Året etter gav MCA ut Citizen Steely Dan, ein plateboks med heile katalogen deira (utanom debutsingelen «Dallas»/«Sail The Waterway») på fire CD-plater, i tillegg til fire ekstra spor: «Here at the Western World» (opphavleg gjeve ut i 1978 på Greatest Hits), «FM» (singel frå 1978), ein demo frå 1971 av «Everyone's Gone to the Movies» og eit konsertopptak av «Bodhisattva», sistnemnde spelt inn på kassett i 1974 og gjeven ut som B-side i 1980. Same året gav Becker ut det første soloalbumet sitt, 11 Tracks of Whack, som Fagen var medprodusent på.

Steely Dan turnerte igjen for å marknadsføre plateboksen og samlealbumet Tracks. I 1995 gav dei ut konsertalbumet Alive in America, sett saman av innspelingar frå fleire konsertar i 1993 og 1994. Art Crimes-turneen følgde, med konsertar i USA, Japan og dei første konsertane deira i Europa på 22 år. Etter dette gjekk Becker og Fagen i studio i lag for å spele inn eit nytt album.

Two Against Nature og Everything Must Go (2000–2003)[endre | endre wikiteksten]

I 2000 gav Steely Dan ut det første studioalbumet deira på 20 år: Two Against Nature. Det vann fire Grammyprisar: for beste lyd, beste popvokalalbum, beste popsong av ein duo eller ei gruppe og årets album (trass i hard konkurranse frå Eminem-albumet The Marshall Mathers LP og Radiohead-albumet Kid A). Sommaren 2000 la dei ut på ein ny amerikansk turné, etterfølgd av ein internasjonal turné seinare på året. Med seg på turneen hadde dei gitaristen Jon Herington, som fortsette å spele med bandet dei neste to tiåra. Gruppa gav ut Plush TV Jazz-Rock Party, ein DVD som dokumenterte opptak i studio av populære songar frå heile karrieren deira. I mars 2001 vart Steely Dan innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[5][6]

I 2003 gav Steely Dan ut albumet Everything Must Go. I motsetnad til dei tidlegare albuma deira, hadde dei prøvd å skrive musikk som fanga kjensla av det vart spelt live. Becker song solovokal på eit studioalbum av Steely Dan for første gongen («Slang of Ages» — han hadde sunge sin eigen song, «Book of Liars» på Alive in America). Færre studiomusikarar spelte på Everything Must Go enn det som var vanleg for Steely Dan-album. Becker spelte bass på kvar song og sologitar på fem spor. Fagen la til piano, elektrisk piano, orgel, synthesizer og perkusjon over vokalen sin. Turnétrommeslagaren Keith Carlock spelte på kvart spor.

Roger Nichols får sparken[endre | endre wikiteksten]

Under innspelinga av Everything Must Go i 2002, gav Becker og Fagen lydteknikaren deira Roger Nichols sparken, etter at han hadde arbeidd med dei i 30 år, utan forklaring eller noko anna merknad, i følgje biografiforfattaren Brian Sweet i 2018 i boka Reelin' in the Years.[42]

Turnering og soloaktivitet (2003–2017)[endre | endre wikiteksten]

For å fullføre Nightfly-trilogien sin, gav Fagen ut Morph the Cat i 2006. Steely Dan turnerte kvart år frå det året med The Steelyard «Sugartooth» McDan and The Fab-Originees.com Tour.[43] Trass i mange musikarar inn og ut av bandet, har faste musikarar i turnebandet vore Herington, Carlock, bassisten Freddie Washington, blåserekkja med Michael Leonhart, Jim Pugh, Roger Rosenberg og Walt Weiskopf, og korvokalistane Carolyn Leonhart og Cindy Mizelle. Heavy Rollers-turneen i 2007 omfatta konsertar i Nord-Amerika, Europa, Japan, Australia og New Zealand og var den mest omfattande turneen deira til då.[44]

Den mindre Think Fast-turneen følgde i 2008 med klaverspelaren Jim Beard som nytt medlem i bandet. Det året gav Becker ut det andre soloalbumet sitt, Circus Money, produsert av Larry Klein og inspirert av jamaicansk musikk. I 2009 turnerte Steely Dan i Europa og Amerika under Left Bank Holiday and Rent Party Tour, og byta mellom konsertar på store konsertstader og fleire kveldar på mindre stader med framføringar av The Royal Scam, Aja eller Gaucho i sin heilskap på somme kveldar. Året etter sipa Fagen supergruppa Dukes of September Rhythm Revue med McDonald, Boz Scaggs og medlemmar av turnebandet til Steely Dan. Reperatoret var songar skrivne av alle dei tre låtskrivarane. Den mangeårige lydteknikaren deira, Roger Nichols, døydde av bukspyttkjertelkreft den 10. april 2011. Shuffle Diplomacy Tour i 2011 inkluderte ei lang setliste og konsertar i Australia og New Zealand. Fagen gav ut det fjerde soloalbumet sitt, Sunken Condos, i 2012.

The Mood Swings: 8 Miles to Pancake Day Tour byrja i juli 2013 med åtte konsertar i Beacon Theatre i New York City.[45] Jamalot Ever After, ein turné i USA i 2014, gjekk frå 2. juli i Portland i Oregon til 20. september i Port Chester i New York.[46] I 2015 var det Rockabye Gollie Angel Tour der Elvis Costello and the Imposters var oppvarmingsband med konsertar på Coachella Valley Music and Arts Festival. The Dan Who Knew Too Much-turneen følgde i 2016 med Steve Winwood som oppvarming. Steely Dan spelte òg på The Hollywood Bowl i Los Angeles med orkester.

Bandet spelte dei siste konsertane sine med Becker i 2017. I april spelte dei 12 konsertar, kalla Reelin' In the Chips, i Las Vegas og Southern California.[47] Den siste konserten til Becker var 27. mai i The Greenwich Town Party i Greenwich i Connecticut.[48] På grunn av sjukdom spelte ikkje BEcker tok konertar med Steely Dan på Dodger Stadium og Citi Field i juli.[49] Fagen la ut på sin eigen turné den sommaren med eit nytt band, The Nightflyers.

Etter Becker døydde (sidan 2017)[endre | endre wikiteksten]

Becker døydde av komplikasjonar av spiserøyrskreft den 3. september 2017.[50] I ei melding til media minnast Fagen den mangeårige venen sin og lovde å «halde musikken me skapte i lag i live så lenge eg kan med Steely Dan.»[51] Etter Becker døydde heldt Steely Dan ein kort turné i Nord-Amerika i oktober 2017 og tre konsertar i Storbritannia og Irland for Bluesfest i lag med The Doobie Brothers.[52] Bandet spelte den første konserten sin etter Becker døydde i Thackerville i Oklahoma, den 13. oktober.[52] Som ein hyllest til Becker, spelte dei solosongen hans «Book of Liars», med Fagen på solovokal, på fleire av konsertane på denne turneen.[53]

Enkja til Becker saksøkte Fagen seinare det året og hevda at buet hans burde kontrollere 50 % av aksjane i bandet.[54] Fagen kom med eit motsøksmål og hevda at bandet hadde lagt planar i 1972 som sa at om eit bandmedlem slutta eller døydde gjekk partane i bandet til dei attverande medlemmane. I desember sa Fagen at han heller ville ha lagt ned Steely Dan etter at Becker døydde, og at han i staden ville ha turnert under eit anna namn, men vart overtydd til å halde fram av kommersielle årsaker.[55]

I 2018 turnerte Steely Dan på sommaren i USA i lag med The Doobie Brothers.[56] Bandet spelte òg ni konsertar i The Beacon Theatre i New York City i oktober.[57] I februar 2019 la bandet ut på ein turné i Storbritannia med Steve Winwood.[58] Gitaristen Connor Kennedy frå The Nightflyers vart med i turnebandet frå og med ni konsertar ved The Venetian Resort i Las Vegas i april 2019.[59]

25. juni 2019 hadde The New York Times Magazine Steely Dan på ei liste over hundrevis av artistar som fekk materialet sitt tapt i Universal-brannen i 2008.[60]

Members[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar

  • Donald Fagen – solovokal, klaverinstrument (1972–1981, sidan 1993)

Tidlegare medlemmar

  • Walter Becker – gitar, bass, kor- og solovokal (1972–1981, 1993–2017; då han døydde)
  • Jeff «Skunk» Baxter – gitar, korvokal (1972–1974)
  • Denny Dias – guitar (1972–1974, studiobidrag fram til 1977)
  • Jim Hodder – trommer, kor- og solovokal (1972–1974; død 1990)
  • David Palmer – kor- og solovokal (1972–1973)
  • Royce Jones – kor- og solovokal, perkusjon (1973–1974)
  • Michael McDonald – klaverinstrument, korvokal (1974, studiobidrag fram til 1980)
  • Jeff Porcaro – trommer (1974, studiobidrag fram til 1980; død 1992)

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Steely Dan.

Studioalbum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «STEELY DAN biography». Great Rock Bible. Arkivert frå originalen 23. oktober 2013. Henta 9. januar 2021. 
  2. Gimmers, Mof. «Steely Dan's Walter Becker Remembered». The Quietus. Henta 2. desember 2017. 
  3. 3,0 3,1 AllMusic Steely Dan: Biography.
  4. «Steely Dan» (på engelsk). Rock & Roll Hall of Fame. Henta 9. januar 2021. 
  5. 5,0 5,1 «Rock and Roll Hall of Fame Inductees». Arkivert frå originalen 4. desember 2006. Henta 9. januar 2021. 
  6. 6,0 6,1 «Countdown to Infamy». Arkivert frå originalen 21. september 2013. Henta 9. januar 2021. 
  7. «The Modesto Bee: Reelin' in the years with Steely Dan's Walker Becker». Modbee.com. 1. august 2008. Arkivert frå originalen 3. juli 2009. Henta 9. januar 2021. 
  8. «Official Steely Dan | Tour Dates 2013 | MOOD SWINGS '13 | RESOURCES». Steelydan.com. Arkivert frå originalen 9. mars 2016. Henta 9. januar 2021. 
  9. «Ep. 215 – 100 Greatest Artists of All Time (Hour 2) – The Greatest – Episode Summary, Highlights, and Recaps». VH1.com. Arkivert frå originalen 10. september 2015. Henta 9. januar 2021. 
  10. «20 Greatest Duos of All Time». Rolling Stone (på engelsk). 17. desember 2015. Henta 5. september 2020. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 Brunner, Rob (17. mars 2006). «Back to Annadale: The origins of Steely Dan». EW.com. Arkivert frå originalen 27. juli 2018. Henta 9. januar 2021. 
  12. «The origins of Steely Dan». Entertainment Weekly (på engelsk). Arkivert frå originalen 27. juli 2018. Henta 9. januar 2021. 
  13. Metal Leg Issue #2.
  14. Becker, Walter (19. januar 2000). «For a Change». www.steelydan.com. Arkivert frå originalen 11. november 2006. Henta 9. januar 2021. 
  15. 15,0 15,1 15,2 Metal Leg: Issue #1 Arkivert 28. august 2008 ved Wayback Machine..
  16. «Roger Nichols». Arkivert frå originalen 30. november 2010. Henta 9. januar 2021. 
  17. «The Return of Steely Dan». Mojo Magazine. October 1995. Henta 9. januar 2021. 
  18. «Official Steely Dan FAQ». Arkivert frå originalen 27. desember 2011. Henta 9. januar 2021. 
  19. Burroughs, Williams S. (1962). Naked Lunch (1991 reprint utg.). New York: Grove Press. s. 77. 
  20. «45cat – Steely Dan – Dallas / Sail The Waterway – ABC – USA – ABC-11323». Henta 9. januar 2021. 
  21. «Steely Dan interview with CompuServe members». Granatino.com. 20. oktober 1995. Arkivert frå originalen 27. september 2011. Henta 9. januar 2021. 
  22. «Timeline Bio | Official Steely Dan». Steelydan.com. 11. oktober 2006. Arkivert frå originalen 16. mars 2012. Henta 9. januar 2021. 
  23. 23,0 23,1 Q Magazine, No 103. april 1995. «Hasn't he grown», skriven av Andy Gill, s. 41–3 publisert av EMAP Metro
  24. «Steely Dan official FAQ: The Later Steely Dan Years». Arkivert frå originalen 27. desember 2011. Henta 9. januar 2021. 
  25. Dias, Denny. «Katy and The Gremlin». www.steelydan.com. Arkivert frå originalen 30. november 2017. Henta 9. januar 2021. 
  26. 26,0 26,1 «UK Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 9. januar 2021. 
  27. «The Rolling Stone 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Henta 9. januar 2021. «145. Aja, Steely Dan» 
  28. «Grammy Award Winners». Henta 9. januar 2021. 
  29. Cromelin, Richard (13. april 2011). «Roger Nichols dies at 66; lydteknikar gave Steely Dan its distinctive sound». Los Angeles Times. Henta 9. januar 2021. 
  30. VideoYouTube
  31. James L. Kelley, «Steely Dan's Donald Fagen: A case of mistaken self-identity, corrected by self-reformulation.» In: E. Vanderheiden, & C.-H. Mayer (Eds.), Mistakes, errors and failures across cultures: Navigating potentials (pp. 91-107). Cham, Sveits: Springer, 2019, p. 100.
  32. Sweet, Brian (2000). Steely Dan: Reelin' in the Years (på engelsk). Omnibus Press. s. 137. ISBN 9780711982796. 
  33. Breskin, David (c. 1980). «Steely Dan (Interview)». Musician Magazine. Arkivert frå originalen 10. mars 2007. Henta 9. januar 2021. 
  34. Anderson, Stacey (21. juni 2011). «When Jimmy Page Debuted With the Yardbirds and Steely Dan Broke Up». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 19. juni 2018. Henta 9. januar 2021. 
  35. Fagen, Donald. «Timeline Bio | Official Steely Dan». www.steelydan.com. Arkivert frå originalen 16. mars 2012. Henta 9. januar 2021. 
  36. «Salon.com: Sophisticated skank». Arkivert frå originalen 21. mai 2008. Henta 9. januar 2021. 
  37. «LA Times Interview with Steely Dan: Return of the Nightfly». Arkivert frå originalen 20. mars 2008. Henta 9. januar 2021. 
  38. «Stylus Magazine review: Steely Dan – Gaucho – On Second Thought». Arkivert frå originalen 7. august 2020. Henta 9. januar 2021. 
  39. Bush, John. «China Crisis | Biography». AllMusic. Henta 9. januar 2021. 
  40. «Rosie Vela: Facing The Music». Metal Leg – The Steely Dan Magazine. May 1994. Arkivert frå originalen 17. februar 2012. Henta 9. januar 2021. 
  41. John Sakamoto (29. februar 2000). «The Steely Dan Q & A». Jam!. Arkivert frå originalen 12. mai 2013. Henta 9. januar 2021. 
  42. Sweet, Brian (16. august 2018). «Steely Dan: Reelin' in the Years». Omnibus Press – via Google Books. 
  43. «Steely Dan Announce Summer U.S. Tour with Michael McDonald». Arkivert frå originalen 5. desember 2006. Henta 9. januar 2021. 
  44. «Official Steely Dan | Heavy Rollers Tour 2007». Steelydan.com. Arkivert frå originalen 11. oktober 2011. Henta 9. januar 2021. 
  45. «Official Steely Dan | Tour Dates 2013 | Mood Swings '13». Steelydan.com. 29. juli 2013. Arkivert frå originalen 5. august 2013. Henta 9. januar 2021. 
  46. «Steely Dan announces North American tour». USA Today. 14. april 2014. Henta 19. april 2015. 
  47. «Steely Dan Stays Consistent, Complex, Cool in Las Vegas Residency». Las Vegas Review Journal. 25. april 2017. Henta 9. januar 2021. 
  48. «Watch Steely Dan's Final Concert With Walter Becker». Rolling Stone. 5. september 2017. Arkivert frå originalen 14. september 2017. Henta 9. januar 2021. 
  49. «Steely Dan at Classic East - Minus Walter Becker». Best Classic Bands. 30. juli 2017. Henta 9. januar 2021. 
  50. Kreps, Daniel (3. september 2017). «Walter Becker, Steely Dan Co-Founder, Dead at 67». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 3. september 2017. Henta 9. januar 2021. 
  51. Saperstein, Pat (9. januar 2021). «Steely Dan’s Donald Fagen on Walter Becker: ‘Hysterically Funny, a Great Songwriter’». Variety. Henta 3. september 2017. 
  52. 52,0 52,1 Kreps, Daniel. «Steely Dan Announce Tour Following Walter Becker's Death». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 14. september 2017. Henta 9. januar 2021. 
  53. «Watch Steely Dan Pay Tribute to Walter Becker With a Rare Performance of «Book of Liars»». Spin. 19. oktober 2017. Henta 9. januar 2021. 
  54. Hughes, William (22. november 2017). «Steely Dan Now Reelin' in the Lawsuits». The A.V. Club. 
  55. «Donald Fagen Discusses the Loss of Walter Becker and Steely Dan's Future». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 19. juni 2018. Henta 9. januar 2021. 
  56. «Steely Dan & The Doobie Brothers Announce 2018 Summer Tour». JamBase. 8. januar 2018. 
  57. Giles, Jeff. «Steely Dan Announce Themed Performances for 2018». Ultimate Classic Rock (på engelsk). Henta 9. januar 2021. 
  58. «Steely Dan announces 2019 U.K./Ireland tour with Steve Winwood.». AXS. Henta 9. januar 2021. 
  59. Barry, John W. (13. februar 2019). «Steely Dan: Woodstock gitarist Connor Kennedy joins iconic band». Poughkeepsie Journal. Henta 9. januar 2021. 
  60. Rosen, Jody (25. juni 2019). «Here Are Hundreds More Artists Whose Tapes Were Destroyed in the UMG Fire». The New York Times. Henta 9. januar 2021.