Stefan-Boltzmann-konstanten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stefan–Boltzmann-konstanten (òg kalla Stefan-konstanten), er ein fysisk konstant skriven med den greske bokstaven σ. Han er ein proporsjonalitetskonstant i Stefan-Boltzmann-lova: Den totale energien strålt ut per overflateareal frå ein svartlekam er proporsjonal til den termodynamiske temperaturen i fjerde potens.

Verdien til Stefan-Boltzmann-konstanten er gjeve i SI-einingar som[1]

.

I cgs-systemet er konstanten:

.

Med standard astronomiske einingar:

der M⊙ er solmassen.

Verdien til Stefan–Boltzmann-konstanten kan både reknast ut og finnast eksperimentelt. Han kan skrivast med hjelp av boltzmannkonstanten som:

der:

er boltzmannkonstanten
er planck-konstanten;
er den reduserte planckkonstanten.
er lysfarten i vakuum.

CODATA har anbefalt ein verdi som er utrekna frå den målte verdien av gasskonstanten:

der:

er den universelle gasskonstanten;
er avogadrokonstanten;
er rydbergkonstanten;
er «den relative atommassen» til eit elektron;
er den molare massekonstanten (1 g/mol per definisjon);
er finstrukturkonstanten.

Ein tilknytt konstant er strålingskonstanten a som er gjeven som:[2]

.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mohr, Peter J.; Taylor, Barry N.; Newell, David B. (2008). «CODATA Recommended Values of the Fundamental Physical Constants: 2006» (PDF). Rev. Mod. Phys. 80: 633–730. doi:10.1103/RevModPhys.80.633.  Direkte lenkje til verdien.
  2. Strålingskonstanten frå ScienceWorld