Stefan Airapetjan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stefan Airapetjan

Fødd24. desember 1997 (26 år)
FødestadViljandi
OpphavEstland
Aktiv2017–
Verka somsongar-låtskrivar

Stefan Airapetjan (armensk: Ստեֆան Հայրապետյան, fødd 24. desember 1997 i Viljandi i Estland) er ein estisk songar med armensk avstamming. Han er kjend under scenenamet Stefan og representerte Estland i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Hope».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Airapetjan vart fødd i Viljandi av armenske foreldre.[1] Han har sunge sidan barndommen, teke songtimar og vunne ei rekkje lokale songtevlingar. I 2010 nådde han finalen i Laulukarussell, ei songtevling for barn, i regi av Eesti Televisioon.[1][2]

Airapetjan har delteke i Eesti Laul, den estiske uttakinga til Eurovision Song Contest, fire gongar. Hans fyrste deltaking var i 2018, som del av duoen Vaje og songen «Laura (Walk with Me)». Dei enda på tredjeplass. Hans fyrste solodeltaking var i 2019 med songen «Without You», som også enda på tredjeplass. Han deltok igjen i 2020 med songen «By My Side», som endte på sjuandeplass i finalen.

Airapetjan vann Eesti Laul på fjerde forsøk i 2022 med songen «Hope». Gjennom sigeren fekk han representere Estland i Eurovision Song Contest 2022.[3] I Eurovision Song Contest i Torino deltok han i den andre semifinalen torsdag 12. mai. Der enda han på ein femteplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 14. mai. I finalen var Airapetjan og songen «Hope» det siste bidraget på scena og enda til slutt på ein 13. plass av 25 bidrag.[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Høgaste listeplassering Album
EST
[5]
LIT
[6]
NED
Tip

[7]
SVE
[8]
«Without You» 2018 Ikkje frå album
«Better Days» 2019
«We'll Be Fine»
«Better Days»
«By My Side»
«Oh My God» 2020
«Let Me Know»
«Doomino» (med Liis Lemsalu) 2021
«Hope» 1 28 20 87
«Miraaž» 2022 2
"—" markerer at songen ikkje nådde lista.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 World, Estonian (12. februar 2022). «Video: Estonia will be represented by Stefan Airapetjan at Eurovision 2022». Estonian World (på engelsk). Henta 14. februar 2022. 
  2. «Stefan kõige keerulisemast lauluvõistlusest: laulsin laulu, millest sain õppetunni». Kroonika. Henta 14. februar 2022. 
  3. «There is hope for Estonia: Stefan wins Eesti Laul 2022». Eurovisionworld (på engelsk). 12. februar 2022. Henta 14. februar 2022. 
  4. «Eurovision Song Contest 2022 Grand Final». Eurovision.tv (på engelsk). EBU. Henta 20. oktober 2022. 
  5. Peak chart positions for singles in Estonia:
  6. «2022 20-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 20. mai 2022. Henta 20. mai 2022. 
  7. «Dutch Single Tip 21/05/2022». dutchcharts.nl (på nederlandsk). Henta 20. mai 2022. 
  8. «Veckolista Singlar, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 20. mai 2022.