Stefan Groothuis
| Stefan Groothuis | |
| Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
| Fødd | 23. november 1981 (44 år) Empe |
| Idrett | lengdeløp på skeiser |
| Tok del i | Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2014 – 1000 meter herrer |
| Utmerkingar | ridder av Ordenen av Orange-Nassau |
Stefan Groothuis (fødd 23. november 1981) er ein nederlandsk tidlegare skøyteløpar som i 2012 vart verdsmeister i sprint-firkamp og i 2014 olympisk meister på 1000 meter.
Groothuis representerte åra 2006-14 Nederland i olympiske leikar og i ymse verdsmeisterskap på sprintdistansar. Under Vinter-OL 2010 i Vancouver vart han fjerdemann på 1000 meter. Nett det same vart han Skeise-VM 2011 i sprint-firkamp. I VM enkeltdistansar i Inzell vart han nummer 3 på 1000 m.
2012-sesongen var Groothuis i sitt livs form. I januar sigra han i sprint-VM i Calgary framom dei sterke sørkoreanarane Lee Kyu-hyuk og Mo Tae-bum. To månader seinare vann han 1000-meteren i VM enkeltdistansar i Heerenveen. Han fekk også fyrstepremien for 1000 meter i verdscupen.
Under Vinter-OL 2014 i Sotsji kneip Groothuis gullmedaljen på 1000 m, fire hundredels sekund framom andremann.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Stefan Groothuis» frå Wikipedia på nederlandsk, den 12. mars 2026.