Stefan Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stefan Johansen

Stefan Johansen 2017.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. januar 1991
Vardø
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Stefan Marius Johansen (fødd 8. januar 1991) er ein norsk fotballspelar frå Vardø som sidan august 2016 har spelt på den engelske Fulham FC i London. Pr 6. september 2018 har midtbanespelaren delteke i 42 landskampar for Noreg og skåra 5 mål.

Johansen var Bodø/Glimt-spelar åra 2007-10. Han fekk sitt gjennombrot med Strømsgodset IF, eit lag han spelte på i tre sesongar, 2011-13. Sesongen 2013 var han den mest sentrale spelaren då laget frå Drammen vart norsk seriemeister for fyrste gong på 43 år. I januar 2014 vart han overført til den skotske toppklubben Celtic FC. Her vart han skotsk serievinnar i 2014 og 2015, i den sistnemnde sesongen vart han kåra til årets spelar i Skottland. I august 2016 gjekk turen til Fulham FC, ein klubb han våren 2018 var med å spele opp i Premier League.

Johansen skåra då Noreg tapte 2-4 mot Sverige i hans landslagdebut i august 2014. Sidan har Johansen hatt tilnærma fast plass i Noregs landslagsellevar. Frå mai 2016 har han også jamnast vore landslagskaptein. Han skåra begge måla då Noreg i september 2018 vann 2-0 over KyprosUllevål stadion i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]