Stefan Lochner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stefan Lochner
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 1410
Meersburg
Død

1451 (41 år)
Köln

Yrke kunstmålar, miniatyrmaler
Stefan Lochner på Commons

Stefan Lochner (ca. 14101451) var ein tysk kunstmålar under seingotikken. Han arbeidde i Köln, der han også døydde. Hovudverket hans er ein triptykon kjend som Tilbedinga av kongen, måla til rådhuskapellet i 1440-åra, no i Kölnerdomen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Madonna i rosehagen, 1448
Altartavla i Kölnerdomen; Tilbedinga av kongen, 1440-åra

Lochner var truleg frå Meersburg. Han er registrert i Köln i 1442, då han fekk betalt for dekorasjonar i samband med feiringa av keisar Fredrik III sitt besøk i byen. Både i 1447 og 1450 valde målarlauget han til byråd. Han er siste gongen nemnd i 1451.

Det finst inkje måleri signert av Lochner. Albrecht Dürer nemner ei altartavle av «Maister Steffan» då han besøkte Köln i 1520. På bakgrunn av stilen på altarskåp har ei rekke andre måleri vorte tilskrive han, inkludert to daterte versjonar av Jesus i tempelet, ein frå 1445 og ein annan frå 1447. Elles er det to fløyer/dører frå eit altarskåp med bilete av helgenar, og ei altartavle frå St. Lorenz-kyrkja, no delt mellom tre museum.

Stilen til Lochner er kjent for sin reine utsjånad. Den kombinerer den gotiske vektlegginga av lange og flytande linjer, med briljante fargar i ei flamsk påverka realisme og med fokus på detaljar. Komposisjonane er ofte overstrødd med fantasifulle englar som syng og spelar på ulike musikkinstrument. Bileta hans er alle prega av kraftige fargar og uskyldige uttrykk.

Madonna i rosehagen samanfattar Lochner sin kunst. Måleriet frå 1448 viser den heilage jomfrua med barnet, sitjande ved blomstrande roser og omkransa av barneenglar, karakteristisk for Lochner.

Lochners måleri fungerer som ei lekkje mellom seingotikken og ungrenessansen. Trekk ved stilen hans tyder på at han var lært opp i Nederland. Mellom anna var han påverka av Jan van Eyck sin målarkunst. Det viktigaste verket hans, Tilbedinga av kongen, finst i dag i Kölnerdomen. Triptyken er byen si hyllest til spedbarnet Jesus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]