Stefan Wyszyński

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stefan Wyszyński

Statsborgarskap Polen
Fødd 3. august 1901
Zuzela
Død

28. mai 1981 (79 år)
Warszawa

Yrke katolsk prest, diakon, skribent, katolsk biskop
Språk polsk, tysk
Medlem av Sodality of Our Lady
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Nettstad http://www.prymaswyszynski.pl
Stefan Wyszyński på Commons

Stefan Wyszyński (3. august 190128. mai 1981 i Warszawa) var kardinal, erkebiskop av Gniezno og Warszawa, og primas i Den katolske kyrkja i Polen mellom 1949 og 1981. Kardinal Wyszyński vart utsett for bakvasking og forfølging frå kommunistisk hald under den kalde krigen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Stefan Wyszyński tredde i 1920 inn i presteseminaret i Włocławek og vart prestevigd 3. august 1924 av biskop Wojciech Owczarek. Han studerte kyrkjerett og sosialøkonomi ved det katolske universitetet i Lublin frå 1925 til 1929 og tok så doktorgraden. Deretter gjorde han ei vitskapleg ferd gjennom Austerrike, Italia, Frankrike, Belgia, Nederland og Tyskland, for å bli kjent med fagrørslene og dei sosiale rørslene. Frå 1931 underviste han i sosialøkonomi ved presteseminaret i Włocławek og engasjerte seg i utdanningsarbeidet til dei kristne fagrørslene. Han var medlem av det sosiale rådet til den polske primasen frå 1937. Under andre verdskrigen virka han som prest for den polske undergrunnshæren.

Statue av kardinalen i Warszawa

Han vart i 1945 rektor ved presteseminaret i Włocławek. 25. mars 1946 utnemnde pave Pius XII han til biskop av Lublin, og han vart konsekrert den 12. mai same året av kardinal August Hlond. I 1948 vart han så utnemnd til erkebiskop av Gniezno og Warszawa, og samtidig polsk primas og formann for den polske bispekonferansen. 12. januar 1953 vart han utnemnd til kardinal, men sidan kommunistregimet på det tidspunktet hadde fengsla han kunne han først 18. mai 1957 ta imot kardinalhatten i Roma og ta tittelkyrkja si Santa Maria in Trastevere til seg.

Wyszyński deltok frå 1962 til 1965 på alle hovudforsamlingane under det andre Vatikankonsilet og freista å oppnå ein større kyrkjeleg vekt på jomfru Maria. Desse oppgåvene var likevel mislukka. Derimot vart han mot slutten av konsilet kjent for ei brevveksling mellom det polske og tyske episkopatet, som var av stor tyding for forsoninga mellom polakkar og tyskarar etter andre verdskrigen og den følgjande fordrivinga. Dei polske biskopane skreiv i brevet sitt at dei «tilgav og bad om tilgjeving». Kommunistregimet i Folkerepublikken Polen reagerte med forarging på dette brevet.

I september 1978 vitja Wyszyński med ein delegasjon av polske biskopar beståande av mellom andre den seinare paven Johannes Paul II Vest-Tyskland, etter invitasjon frå den tyske bispekonferanse.

Den polske primasen spelte òg frå 1980 ei avgjerande rolle som meklar mellom opposisjonsrørsla Solidarność og dei kommunistiske makthavarane. Han gjekk aktivt inn for arbeidarar og retten til bønder til å danne frie fagrørsler, og oppfordra samstundes opposisjonen til å roe seg.

Wyszyński symboliserer for mange den geistlege motstanden mot det kommunistiske regimet og vaktar av den polske kristne identiteten til folk i ei tid med undertrykking av kyrkja.

Wyszyński mottok i 1994 post mortem Ordenen til den kvite ørna frå presidenten i Polen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lista osób odznaczonych w latach 1992-2005 Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine., oversikt over ordensutnevnelser til Den hvite ørns orden fra Polens president.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stefan Wyszyński