Stefan Zweig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stefan Zweig
Stefan Zweig, Fundo Correio da Manhã - 3 (cropped).tif
Fødd 28. november 1881
Wien
Død

22. februar 1942 (60 år)
Petrópolis

Yrke skribent, omsetjar, journalist, skodespelforfattar, lyrikar, litteraturkritikar, historikar, biograf, romanforfattar, prosaforfatter, essayist
Far Moritz Zweig
Mor Ida Zweig
Ektefelle Friderike Maria Zweig
Signatur Signatur
Stefan Zweig på Commons

Stefan Zweig (fødd 28. november 1881 i Wien, død 23. februar 1942 i Petrópolis ved Rio de Janeiro) er ein av dei viktigaste tyskspråklege forfattarane i mellomkrigstida.

Stefan Zweig vart fødd i Wien i 1881 som andre son av ein bøhmisk tekstilfabrikant, Moritz Zweig og ei italiensk bankierdotter. Han voks opp i ein velståande austerriksk-jødisk familie. På gymnasiet utvikla han interesse for litteratur. Han studerte filosofi og litteraturvitskap ved universitetet i Wien.

Zweig er kjend som forteljar, essayist, lyrikar, biograf og dramatikar, og verka hans er omsett til mange språk. Den tidlege lyrikken hans var påverka av franske symbolistar, austerrikske impresjonistar og tyske nyromantikarar. Med bakgrunn i filosofistudiane sine skreiv han fengslande psykologiske noveller omkring kaotiske kjensler og sjelelege kriser (Amok, 1922; Verwirrung der Gefühle, 1927; Schachnovelle, 1942 som vart filmatisert 1960). Han skreiv om fleire historiske personar som Joseph Fouché (1929), Marie Antoinette (1932), Maria Stuart (1935) og Magellan (1938), og i samleverket Baumeister der Welt (1935) skriv han biografiar om mange diktarar, Balzac, Dickens, Dostojevskij, Hölderlin, Kleist, Nietzsche, Stendhal og Tolstoj.

Zweig hadde eit personleg humanistisk og pasifistisk syn som var bakgrunn for romanen Triumph und Tragik des Erasmus von Rotterdam (1934)

Zweig tok livet sitt i Brasil i fortviling over den europeiske kulturen sin undergang.

Verk (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Silberne Saiten (1901), dikt
  • Die Liebe der Erika Ewald (1904)
  • Tersites (1907)
  • «Brennendes Geheimnis» (1911), novelle
  • «Verwirrung der Gefühle» (1927) , novelle

vDrei Dichter. Casanova - Stendhal - Tolstoi (1928), biografi

  • Joseph Fouché (1929), biografi
  • Marie Antoinette (1932), biografi
  • Maria Stuart (1935), biografi
  • Triumph und Tragik des Erasmus von Rotterdam (1935)
  • Castellio gegen Calvin oder Ein Gewissen gegen die Gewalt (1936)
  • Ungeduld des Herzens (1939)
  • Die Welt von Gestern (Ferdig i 1942, kom ut i 1944, omsett til Verden av i går, no.: 1949). Ingen reell sjølvbiografi, men ei tidsskildring frå leveåra til forfattaren.
  • Schachnovelle (1941, omsett til Sjakknovelle, bm.: 1951, nn.: 2019)
  • Balzac (biografi, fragment)

Bøker omsette til norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Flukten, 1900
  • Amok, 1928
  • Joseph Fouche Portrett av eit politisk menneske, 1930
  • Helbredelse ved aand Franz Anton Mesmer — Mary Baker-Eddy, — Sigmund Freud, 1931
  • Marie Antoinette Bilete av ein gjennomsnittskarakter, 1933
  • Maria Stuart, 1936
  • Magellan, Mannen og hans verk, 1938
  • De utolmodige av hjertet, Roman, 1939
  • Verden av i går, 1948
  • Tolstoi, 1940
  • Verden av i går, 1951
  • Sjakknovellle, 1951
  • Evige øyeblikk Tolv historiske miniatyrar, 1952
  • Leporella, 1954
  • Den evige brors øyne 1959
  • Volpone : Komedie uten kjærleik i tre, 1965
  • De utålmodige av hjertet', '1966
  • Legender, 1969
  • Verden av i går 1993
  • I følelsenes vold, 2000
  • Sjakknovelle og andre tekstar. Skald 2019.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sjakknovelle», Skald, arkivert frå originalen 2019-05-23, henta 30. juni 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]