Steffi Nerius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steffi Nerius under VM 2009 i Berlin

Steffi Nerius (fødd 1. juli 1972) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Bergen am Rügen i Mecklenburg-Vorpommern som tevla i spydkast. Ho vart europameister i øvinga i 2006 og verdsmeister i 2009. Nerius vann elles to sølvmedaljar og tre bronsemedaljar i dei store meisterskapane i tida 2002-07.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Nerius kvalifiserte seg til finalane i friidretts-VM 1993 og 1995, samt Sommar-OL 1996, og vart høvesvis nummer 9, 11 og 9. Fyrst i 1998 var ho i stand til for alvor å melde seg på i medaljekampen, då ho under europameisterskapen i Budapest kasta 62,08 m og kom på sjetteplass. I 1999 lukkast ho ikkje å kvalifisere seg til VM-finalen. Under Sommar-OL 2000 i Sydney vart Nerius nummer fire med 64,84 m. Året etter måtte ho ein plass ned på resultatlista ved VM 2001 i Edmonton.

Frå 2002 til 2007 tok Nerius kvart år ein medalje i spydkast ved dei største meisterskapane. Det starta med sølvmedalje i europameisterskapen i München, der ho kasta 64,09 m. I 2003 fekk ho VM-bronsen med 62,70 m. Mirela Manjani som representerte Hellas vann klart både i 2002 og 2003. Under sommarleikane 2004 i Aten sette Nerius personleg rekord med 65,82 m og tok sølvmedaljen, der Osleidys Menéndez frå Cuba var i ei heilt eiga klasse med sine 71,53 m. Menéndez vann gullmedaljen også under VM i friidrett 2005 i Helsingfors, Nerius fekk bronsen med 65,96 m.

Ved friidretts-EM 2006 fekk Nerius oppleve sin fyrste store triumf. Barbora Špotáková frå Tsjekkia leia med 65,64 m før Nerius i fjerde omgang slengde spydet nøyaktig like langt som ho gjorde under sommarleikane to år tidlegare, 65,82 m, og stakk av med gullmedaljen. I verdsmeisterskapen i Osaka i 2007 sikra Nerius seg bronsemedaljen med 64,42 m. Det var hennar sjette strake internasjonale medalje.

Trass i gode 65,29 m under sommar-OL 2008 i Beijing kom Nerius på femteplassen i tevlinga. Ti dagar seinare gjorde ho sitt livs lengste kast då spydet landa på 68,34 under eit stemne i Elstal. I 2009-sesongen, hennar siste sesong, smelte ho i fyrste forsøk til med 67,30 m under VM på tysk heimebane i Berlin. Ingen av dei største favorittane, Barbora Špotáková og Marija Abakumova, klarde å overgå prestasjonen. Dermed vann Nerius sitt fyrste VM-gull i ein alder av 37 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]