Steikt flesk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dansk stegt flæsk med persillesovs.
Steikt flesk med duppe, servert med stua kålrabi, kål og potet.

Steikt flesk er ein tradisjonell middagsrett som mellom anna er kjend frå fleire skandinaviske land. Han er sett saman av pannesteikte fleskeskiver som kan serverast med saus, stappe, stuing, mjølbollar, poteter og grønsaker. Flesket kan òg serverast som tilbehøyr til ulike potet- og fiskeretter. Ein bruker gjerne skiver av lettsalta sideflesk til steikt flesk, men kan også bruka spekeflesk eller bacon.

I dansk matlaging blir den tradisjonelle forma for steikt flesk servert med persillesaus og kokte poteter. Dette er rekna som ein dansk nasjonalrett som er blitt særskild populær på valgdagar.[1]

I Noreg er steikt flesk brukt i mange kombinasjonar, til dømes i retten «flesk og duppe» der duppe er ein kvit saus.[2] Steikt flesk er ein ingrediens i åbitfrukosten frå Sør-Trøndelag. Det kan også serverast til kumle eller saman med flatbrød til fiskerettar som gammalsei og plukkfisk. På Finnskogen blir steikt flesk gjerne servert med motti, kokte bollar av rugmjøl eller havre.[3] I Telemark blei potetgraut (lokalt jordeplegraut) servert med steikt flesk som erstatning for smørauge.

I svensk matlaging kan ein til dømes servera steikt flesk til råraka (potetpannekake), äggakaka eller palt (raspeball).

Elles er steikt bacon ein viktig del av ein varm britisk (engelsk) frukost.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]