Stein Bondevik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stein Bondevik
Fødd 20. november 1965 (55 år)
Yrke geolog, professor

Stein Bondevik (fødd 20. november 1965) er ein norsk geolog med geologiske farar (tsunami), Storeggaraset og klimaendringar som fagspesialitet.

Bondevik studerte ved Universitetet i Bergen der han mottok ein cand.scient. 1993 og dr.scient. 1996. Så var han postdoc same stad 1996–99 og førsteamanuensis i geologi ved Universitetet i Tromsø 1999–2007. Sidan 2007 har han vore ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, først som førsteamanuensis, etterkvart som professor. Bondevik mottok Reuschmedaljen i 2001 frå Norsk geologisk forening for artikkelen Tsunami sedimentary facies deposited by the Storegga tsunami in shallow marine basins and coastal lakes, western Norway. Same året vann han Universitetet i Tromsø sin forskarpris på 50 000 kroner for yngre forsking. Ved University of Washington var han gjesteforsker ved Quaternary Research Center 1998 og 2003–04.