Stein Erik Tafjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stein Erik Tafjord
Stein Erik Tafjord Chat Noir Oslo Jazzfestival 2017 (183546).jpg
Fødd 2. november 1953
Langevåg
Yrke jazzmusikar, komponist, musikkpedagog
Stein Erik Tafjord på Commons

Stein Erik Tafjord (fødd 2. november 1953 i Langevåg) er ein norsk jazzmusikar (tuba), og bror til jazzmusikaren Runar Tafjord. Han er mest kjent for at han er ein del av The Brazz Brothers. Han var med på å starte Ytre Suløens Jass Ensemble i 1973, og spelte med dei i 17 år.

Tafjord er utdanna ved Noregs musikkhøgskole i Oslo. Etter mange år i Kringkastingsorkestret starta han som frilans jazz- og studiomusikar. Som improvisatør har Tafjord utvikla ein særs utradisjonell spelestil, som har påverka komponistar og andre til å få augo opp for tubaen som instrument.

Han har turnert med fleire internasjonale orkester og grupper, som t.d. the Scandinavian Tuba Jazz Inc. og Carla Bley Scandinavian Jazz Ensemble. Han har arbeidd med songar og skodespelar Elisabeth Lindland i fleire samanhengar.

Stein Erik har fire born, mellom dei hornisten Hild Sofie Tafjord.[1].

Prisar[endre | endre wikiteksten]

1991 Buddyprisen (den høgaste utmerkinga innan norsk jazz)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]