Stein Håland
Stein Håland | |
Fødd | 27. mai 1952 |
---|---|
Død | 9. juli 2009 (57 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Senterpartiet |
Yrke | politikar |
Verv | Ordførar i Spydeberg 1996-2009 |
Føregangar | Ole Jørgen Kraggerud |
Etterfylgjar | Britt Egeland Gulbrandsen |
Stein Håland (27. mai 1952–9. juli 2009) var ein norsk senterpartipolitikar som var ordførar i Spydeberg kommune frå 1996 til 2009. Håland sat i hovudstyret til Senterpartiet frå 2007 til 2009. I det direkte ordførarvalet i Spydeberg i 2005 fekk han 55 % av stemmene.
Stein Håland hadde vore leiar i Norges Bygdeungdomslag. I ungdommen var han på ei studiereise til 13 afrikanske land, den kom til å bety mykje for han seinare. I 1993 vart han tilsett i gruppesekretariatet til Senterpartiet på Stortinget som rådgjevar for Sp-representantane i finanskomiteen. Etter to år fekk han permisjon frå stillinga for å verte ordførar i heimkommunen.[1]
Håland døydde brått medan han dreiv med gardsarbeid 9. juli 2009.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Stein Håland» frå Wikipedia på bokmål, den 22. november 2011.
- ↑ Liv Signe Navarsete:Nekrolog - Stein Håland Aftenposten Kultur 21. juli 2009 side 12
- ↑ «Stein Håland er død». 9. juli 2009. Henta 12. juli 2009.