Stein Sletten
Stein Sletten | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. juli 1945 |
Død | 13. februar 2023 (77 år) |
Idrett | friidrett |
Utmerkingar | Kongepokal |
Stein Kåre Sletten (27. juli 1945–13. februar 2023) var ein norsk friidrettsutøvar frå Bergen, sist busett på Storebø i Austevoll. Han vart norsk meister i øvinga høgdehopp i 1964, 1965 og 1968. Sletten var medlem i Idrottslaget Gular.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]29. september 1963 hoppa 18 år gamle Sletten over 2,06 meter på Skansemyren i Bergen. Dermed sletta han den seks år gamle noregsrekorden til Bjørn Thorkildsen. Åtte månader seinare, den 28. mai 1964, forbetra Sletten rekorden til 2,07 m på Krohnsminde i Bergen. Nøyaktig tre veker etter flytta han rekorden til 2,08 m, også då på Krohnsminde.
Den 31. juli 1965 vann Sletten høgdekonkurransen då Sverige, Noreg og Finland møttest til juniorlandskamp i svenske Gimo. Han sette norsk rekord då han svinga seg over 2,09 m og slo den lovande svensken Bo Jonsson. Fire dagar seinare, i landskampen mot Sverige på Bislett stadion i Oslo, forbetra Sletten sin norske rekord i høgdehopp til 2,10 meter. Rekorden gjaldt til Leif Roar Falkum sletta den i 1972. Under noregsmeisterskapen i Haugesund siste helga i august 1965, vart Sletten tildelt kongepokalen då han sette meisterskapsrekord ved å gå over 2,07 meter.
Sidan nådde Sletten aldri opp mot sitt tidlegare bestenivå. Han lukkast likevel vinne sitt tredje NM-gull då han i 1968 sigra på Kongsvinger med eit hopp på 1,98 m. Aktiv til 1971.
Medaljar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- 1963 i Trondheim: Sølvmedalje
- 1964 i Gjøvik: Gullmedalje
- 1965 i Haugesund: Gullmedalje
- 1967 i Trondheim: Sølvmedalje
- 1968 på Kongsvinger: Gullmedalje
- 1969 i Fana: Bronsemedalje