Hopp til innhald

Stein Thunberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stein Thunberg
StatsborgarskapNoreg
Fødd12. mai 1954 (72 år)
Notodden kommune
Idrettfotball

Stein Borgar Thunberg (fødd 12. mai 1954) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Notodden i Telemark. Han vart noregsmeister 1974 for IK Skeid og seriemeister 1978 og 1980 for IK Start. Thunberg, som var angrepsspelar, deltok i tida 1974-79 i 28 av Noregs landskampar.

Thunberg var aktiv i SK Snøgg  i 1971, då laget rykte opp frå 4. divisjon, og i 3. divisjon i 1972. Åra 1973-75 spelte han for oslolaget Skeid, der han i oktober 1974 med to skåringar bidrog til at Skeid vann 3–1 over IL Viking i cupfinalenUllevål stadion. Etter Skeid rykte ned melde han overgang til IK  Start. I tida 1976-82 var han med å vinne 1. divisjon i 1978 og 1980, dei to største triumfane til IK Start i norsk fotball. Etter spel for FK Donn og IK Våg i lågare divisjonar, kom Thunberg i 1989 forbigåande tilbake til eit skaderåka Start.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Frå debuten 6. juni 1974 til avskjeden på det norske landslaget 29. august 1979 i Wien, deltok Thunberg 28 landskampar og skåra 4 mål. I 8 av kampane var han innbytar. Flest kampar fekk i 1975, då han spelte 8 landskampar.