Stein Torleif Bjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stein Torleif Bjella

Stein Torleif Bjella på scena i 2018
Foto: Tore Sætre
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. april 1968 (55 år)
Ål
Yrke songar, låtskrivar, musikar, gitarist, songar-låtskrivar, skribent, komponist
Språk norsk
Nettstad https://www.steintorleifbjella.no/
Stein Torleif Bjella på Commons

Stein Torleif Bjella (fødd 7. april 1968)er ein norsk låtskrivar, diktar og musikar (vokal og gitar) frå Ål kommune i Hallingdal. Han er busett i Øvre Ål.

Bjella debuterte som soloartist i 2009 med vise/country-albumet Heidersmenn på Oh Yeah!. Albumet vart produsert av Kjartan Kristiansen, og under innspelinga bidrog musikarar som Geir Sundstøl og Lars Håvard Haugen. For albumet vart han nominert til Spellemannprisen 2009 i klassene viser og tekstforfattar.

Bjella er i tillegg vokalist, gitarist og låtskrivar i poprock-bandet Tolv Volt (1996-) som har gitt ut albuma Auraspray (1999) og Kalas (2003). I februar 2011 kom han ut med albumet Vonde visu, som han vann Spellemannprisen 2011 for i kategorien viser.

Musikken hans var bakgrunn og inspirasjon for teaterstykket Kan nokon gripe inn som hadde premiere hjå Det Norske Teatret i januar 2017.[1] Stykket vart òg spela rundt om i landet i samarbeid med Riksteatret.

Bjella fekk Nynorsk litteraturpris 2021 for romanen Fiskehuset.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hauge, Caroline Bækkelund (15. januar 2017), «Kan nokon gripe inn», NRK, henta 25. april 2020 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Diskografi steintorleifbjella.no
  3. «Rolf Gammlengs pris våren 2021». ffuk.no. 1. juni 2021. Henta 5. juni 2021. 
  4. «Her har Stein Torleif Bjella nettopp fått vite at han tildeles Skjæraasenprisen: – En stor ære». ostlendingen.no. 25. februar 2022. Henta 26. februar 2022. 
  5. «Bjella får Nynorsk litteraturpris 2021». 1. april 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]