Steinar Buset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Steinar Buset (8. desember 188025. juni 1957) var bonde, bygningsmann, bankkasserar og lokalpolitikar. Han var fødd på garden Buset i Vartdal kommune, seinare Ørsta, på Sunnmøre.

Han vart innvald i Vartdal kommunestyre i 1913. i 1914 vart han mellombels ordførar. Han sat i formannskapet frå 1917-1940. Mange av desse åra som varaordførar. I bolken 1929-1937 var han ordførar. Han stod på liste til Stortingsval for Bondepartiet. Buset var soknerådsformann i fleire bolkar. Han var kasserar for Vartdal Sparebank i 1920-1949.

Steinar Buset skreiv dikt og småforteljingar som vart trykte i blad og aviser. I 1980 gav borna hans ut Eg ser ei dagrand- , ei utval av dikt og prosastykke

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ivar Grøvik:Steinar Buset - eit utsyn over livssoga hans, i Eg ser ei dagrand-