Steinar Hoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinar Hoen i 2012

Steinar Breidsvoll Hoen (fødd 8. februar 1971) er ein norsk forretningsdrivande og tidlegare friidrettsutøvar. Han representerte IK Tjalve i Oslo. Han vart europameister i høgdehopp 9. august 1994 med resultatet 2,35 m, som inntil 9. august 2006 (altså på dagen 12 år) var meisterskapsrekord for EM. Hoen er 1,92 m høg.

Hoen sette sin første norske rekord den 22. juni 1991 med eit hopp på 2,27 m. Ein månad seinare sletta Håkon Särnblom denne rekorden. Denne rekorden hadde Särnblom i berre fjorten dagar, til dess Hoen 4. august 1991 gjekk over 2,29 m i eit stemne i Bergen. Sidan forbetra han den norske rekorden centimeter for centimeter til han stoppa på 2,36 m.

Hoens personlege rekord, 2,36 m, oppnådde han i tre tevlingar. Første gongen innandørs 12. februar 1994 i Balingen, Tyskland. Også året etter hoppa han 2,36 m innandørs. Utandørs gjekk han også over denne høgda; 1. juli 1997 på Rådhusplassen i Oslo, noko som er gjeldande norsk rekord. Ved 32 tevlingar hoppa 2,30 m eller høgare. Han la opp i 1999.

Hoen vart i 2007 leiar for Bislett Games.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Medaljar norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • Gull: 1991, 1993-98
  • Bronse: 1992

Personlege rekordar og årsbeste[endre | endre wikiteksten]

År 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998
Høgde 2,29 2,30 2,32 2,35 2,35 2,32 2,36 2,30