Steinar Hunskår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinar Hunskår

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1956 (67 år)
Florø
Yrke forskar, lege, professor

Steinar Hunskår (fødd 20. juni 1956 i Florø) er ein norsk lege, forskingsleiar ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin og professor II i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen (UiB).

Etter examen artium i 1975 ved Førde gymnas studerte han matematikk ved UiB (1975-1976), tok deretter legestudiet og vart cand.med. i 1982. Seinare tok han studiar i offentleg rett og administrasjon (1984-1992). Han vart dr.med. i 1987 (UiB) på ei basalmedisinsk avhandling om smerter: «Non-narcotic antinociceptive drugs. Studies with special emphasis on appropriate behavioral tests in mice».

Han arbeidde som stipendiat ved UiB (1984-1986), frå 1986 som allmennlege i Bergen kommune og som førsteamanuensis i allmennmedisin ved UiB inntil han vart professor i 1992. Han vart spesialist i allmennmedisin i 1993 og har sidan 2001 vore fastlege på deltid i Lindås kommune. I tida 2002-2011 var han leiar for forskarlina ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, UiB, og frå 2005 forskingsleiar ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (Nklm) ved Uni Helse, Uni Research, Bergen.

Forsking og fagutvikling i allmennmedisin[endre | endre wikiteksten]

Hunskår har fram til 2013 publisert over 350 vitskapelege publikasjonar innan smerteforsking, urologiske emne (spesielt urininkontinens), legevaktmedisin og generelle allmennmedisinske emne. Han har rettleia om lag 20 kandidatar til medisinsk doktorgrad. Hunskår er ein mykje nytta foredragshaldar i inn- og utland, og har halde ei rekke inviterte foredrag ved internasjonale forskingskongressar. Han har skrive mange bokkapittel og vore medredaktør i fleire bøker. Hans mest kjente verk er læreboka «Allmennmedisin» som vert brukt i legeutdanninga i heile Norden (3. utgåve i 2013).

Prisar og tillitsverv[endre | endre wikiteksten]

Hunskår var 1999-2002 nestleiar i Nasjonalt råd for spesialistutdanning og legefordeling, og har hatt ulike tillitsverv i nasjonale og internasjonale fagorganisasjonar.

I 1989 vann han Meltzerprisen for unge forskarar ved UiB, har fleire prisar for universitetsaktivitetar, m.a. som beste undervisar ved Det medisinske fakultet, UiB, i 1999, og i 2001 Magda og Svend Aage Friederichs mindelegat - ein stor nordisk pris for undervisning, fagutvikling og forsking i allmennmedisin. Han fekk Nidarosprisen (2005) og Legevaktprisen (2007) for sin innsats for norsk allmenn- og legevaktmedisin.

Internasjonalt arbeid[endre | endre wikiteksten]

Hunskår har vore mykje aktiv i internasjonale faglege organisasjonar. Han var leiar av epidemiologikomiteen i WHOs konsensuskonferanse International Consultation on Incontinence 1999-2005. Medlem av Scientific committee i International Continence Society 2008-2011. Han er medlem i redaksjonen i fleire internasjonale medisinske tidsskrift og fagleg medarbeidar i ei rekke andre. I 2008 fekk han Hippocrates-statuen av Polish Society of Family Medicine for sitt arbeid i Polen. Dei seinare åra har han delteke i utviklinga av allmennmedisin i Sudan og han er «honorary professor» ved Gezira State University i Sudan frå 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]