Steinar Lem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinar Lem
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. mai 1951
Oslo
Død

28. april 2009 (57 år)
Oslo

Yrke skribent
Ektefelle Gunn Hild Lem

Steinar Henning Lem (9. mai 195128. april 2009) var ein norsk miljøvernar og forfattar frå Oslo. Han var i over to tiår ein framståande talsmann for organisasjonen Framtiden i våre hender.

Lem var utdanna i nordisk hovedfag frå Universitetet i Oslo. Han debuterte som forfattar i 1973 med den skjønnlitterære boka Signaler, ei bok han vart tildelt Tarjei Vesaas' debutantpris for. Sidan skreiv han tre skjønnlitterære verk og like mange sakprosabøker.

Etter å ha arbeidd ei kort tid i informasjonsavdelinga i Samferdsledepartementet, fekk Lem jobb i Framtiden for våre hender. Her utmerkte han seg med sin kritikk av «vekstsamfunnet». Særleg avviste han sentrale målsettingar i det norske samfunnet, til dømes ideen om vedvarande økonomisk vekst, og den tilhøyrande øydinga av naturressursane på jordkloten. Elles markerte han seg dyrevernar og gjekk inn for eit sterkare vern av rovpattedyr i norsk fauna.

Kort før han døydde, kritiserte Lem norsk innvandringspolitikk og uttalte at «Den norske kulturen er truet. De nærmeste 50 årene vil vi se store endringer i takt med at vi stadig får en større ikke-norsk befolkning. Våre verdier vil bli satt under sterkt press».

Ein fjernsynsdokumentar om Steinar Lem vart send på Norsk rikskringkasting i 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]