Steindorf am Ossiacher See

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn mot Bodensdorf

Steindorf am Ossiacher See er ein kommune i distriktet Feldkirchen i forbundslandet Kärnten i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 29,6 km² og i kring 3 800 ibuarar. Kommuneleiinga held til i Bodensdorf, ein landsby med over 1100 ibuarar som ligg 580 meter over havet ved nordaustbreidda av Ossiach-vatnet. Omframt nokre små og mindre grender, omfattar kommunen også dei mindre landsbyane/bustadområda Steindorf, Tschöran, Unterberg og Stiegl.

Turisme, både sommar- og vinterturisme, er hovudnæring i kommunen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]