Steinfjorden på Senja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°28′5.3508″N 17°19′5.6280″E

Steinfjord og Steinfjorden
Foto: Bjørn Christian Tørrissen

Steinfjorden er ein fjordarm av ErsfjordenSenja i Senja kommune i Troms og Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4 km sørover til bygda Steinfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Strandby i vest og Tungeneset i aust. Steinfjorden fyr ligg midt i fjorden. Fjorden er omgjeve av høge fjell, mellom anna Luttind på 759 meter over havet.

Riksveg 862 går langs austsida av fjorden.