Steingardar i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steingardar på Røst i Lofoten.
Foto: 2012
Steingard rundt Kors gamle kyrkjegard på Flatmark i Romsdalen.
Foto: 2011
Steingarden ved Hestefjellet i Ørsta kommune.
62°15′39″N 6°05′05″E / 62.2609656°N 6.0848284°E / 62.2609656; 6.0848284
Foto: 2015
Steingarden på Litlejordshornet i Norddal kommune.
62°11′55″N 7°23′01″E / 62.198542°N 7.383516°E / 62.198542; 7.383516
Foto: 2010
Del av ein 200 m lang steingard på Indre Steinnes i Ørsta kommune. Steingarden vart bygt på slutten av 1890-talet, samstundes med at mange gravrøyser i nærleiken vart rydda bort, og stein frå desse røysene vart brukt til å bygge steingarden. Sjå òg: Bautastein Indre Steinnes.

Bruk av steingard (norrønt: steingarðr) eller steingjerde, har lange tradisjonar i Noreg. Rydding av jordbruksland opp gjennom tidene har medført utlegging av mykje stein, som i stor grad vart nytta til bygging av steingardar. Dei eldste steingardane ein kjenner til i jordbrukslandskap, er blitt datert til eldre jernalder.

Ein del av kulturlandskapet[endre | endre wikiteksten]

Grensemarkering med steingardar (steingjerde) er karakteristisk for det norske jordbrukslandskapet, noko som kanskje kom tydeligare fram før i tida, då det var mindre vegetasjon og landskapet var opnare. Men steingardane er der framleis, kanskje særleg i Kyst-Noreg, og dei har framleis ein funksjon. Dei som er frå tida før 1537 er automatisk freda som verneverdige kulturminne[1]. Om steingardane ikkje er fullt så gamle, kan dei likevel vere registrert som freda kulturminne, og oversikt over slike vil normalt vere registrert hos Riksantikvaren, i databasesystemet «Askeladden»[2]. Generelt er steingardar vurdert som ein del av kulturlandskapet og kjem inn under verneforskrifter som blir utforma av kommunen eller fylkeskommunen.

I lyrikaren Paal-Helge Haugen sitt stemningsfulle dikt «Steingjerde»[3], skildrar han steingardane som «strake band, frå elva til fjellet», og sluttar slik:

dette er slitets steinar
dette er historiens skrift

Eigedomsgrenser[endre | endre wikiteksten]

Kapittel 11 i Landsleigebolken i Gulatingslova[4] byrjar med orda: «Gard er grannesemjar» (mellomnorsk: Garðr er granna sætter) og det blir vidare sagt at «dei skal halda gard etter som dei har jord til og som det har vore frå gamal tid». Detaljerte reglar for bygging og vedlikehald av gardar og gjerde, viser at dette var eit viktig tema i mellomalderen. Grensegardane kunne sjølvsagt vere bygt av jord eller trevirke, men truleg var det mest vanleg med steingardar.

På grunn av eigedomskifte gjennom mange hundre år, var mykje av jordbruksareala over tid blitt oppdelt i stadig mindre jordteigar. På slutten av 1800-talet var jordbrukslandskapet i store deler av Noreg blitt eit lappeteppe av store og små teigar; dei minste kunne vere berre eit par meter breide. I 1859 vart Utskiftingsvesenet etablert (seinare: Jordskifteretten) og det vart byrja arbeid med jordbruksutskifting[5] for å skape meir tenlege driftseiningar. Nye eigedomsgrenser var etablert i nær sagt alle bygdelag, og som eit resultat av denne prosessen vart mange steingardar lagt om eller nybygde. Dei markerte grensene mellom eigdomane, mellom åker og eng og mellom utmark og innmark. Utskiftinga skapte truleg mykje usemje mellom grunneigarane, men når alt var avgjort, og steingarden bygt, var det oftast slik at striden stilna. Garden vart ein grannesemjar, og eit munnhell var: Det skal vere god gard mellom gode grannar.

Mange av dei steingardane ein ser på bygdene i dag, vart bygt etter dei store utskiftingane i perioden etter 1859. Som ein lekk i denne omorganiseringa av jordbruksareala, vart det òg naudsynt å rydde bort gamle gravrøyser og truleg vart stein frå røysene i mange høve nytta til bygging av nettopp steingardar.

Markering av områdegrenser[endre | endre wikiteksten]

Fleire stader i Noreg er det blitt bygt steingardar for å markere grensene for større område, som fylkes- eller heradsgrenser. Nokre eksempel:

  • Fylkesgrense. I 1648 vart det bygt ein steingard[6] på om lag 2 km i Fræna kommune, frå toppen av fjellet Melen og ned til Rødalsdalen, for å markere grensa mellom Nordmøre og Romsdal. (KulturminneID: 227058-1)
  • Riksgrense. På Midøya i Midsund kommune på Romsdalskysten i Møre og Romsdal ligg framleis steingarden[7] som markerte riksgrensa mellom Sverige og Danmark/Noreg i tida 1658 til 1660. I nyare tid markerte steingarden kommunegrenser. (KulturminneID: 226961-2)

Høgt til fjells[endre | endre wikiteksten]

Mange stader på høgfjellet i Noreg, på fjellviddene eller i bratte fjellsider, kan ein kome over steingardar, ofte fleire hundre meter lange. Utan tvil er dei laga med handemakt og skriv seg frå eldre tider; truleg kan dei vere mange tusen år gamle. Nokre eksempel:

  • Steingard, om lag 200 m lang, ved Hestefjellet[8], ved Liadal i Ørsta kommune. Steingarden ligg på ei skrånande flate, opp mot 800 moh.
  • Steingarden opp mot fjellet Litlejordhornet[9] (1560 moh) i Herdalen i Norddal kommune. Steingarden er over 300 m lang, går opp mot 1300 moh. og var ein gong truleg nær 3 meter høg.

Mange slike steingardar er registrert i fjellheimen, rundt om i landet. Ein er ikkje heilt sikker på kvifor dei vart bygt, og kva funksjon dei hadde, men ofte er det funne bogastelle (skytestilling) i tilknyting til steingardane og ein trur helst at dei kan ha vore anlegg for jakt og fangst av rein eller hjort.

Sjå òg: Muren ved Ytstehornet (Horvadrag ved Geirangerfjorden).

Andre formål[endre | endre wikiteksten]

Steingardar, oftast meir forseggjorte murar, vart ofte sett opp til hegn og avgrensingar av gardstun, kyrkjegardar, åkrar og hagar, eller geil (ku-gate) til og frå fjøsen. Konstruksjonar tilsvarande steingardar har òg vore nytta til avtrapping av jordteigar, særleg i dei mest brattlende terrenga i fjordbygdene på Vestlandet.

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Ein steingard er alltid bygt av tørrlødd stein og ein reknar med at dei i hovudsak kan definerast som tre typer:

Kistemur – to likeverdige mursider med fyllmasse i mellom og oftast nytta til meir forseggjorte steingardar av ei viss høgd.
Dobbelmur - ein litt enklare steingard enn kistemuren, men likevel med rette veggar på begge sider.
Ordna røys - enklare konstruksjonar og den mest vanlege steingarden for avgrensing av jordteigar i landbruket, eller større landområde.

Steingardane er med på å sette preg på landskapet, og er ein del av vår kulturarv. Dei har sjølvsagt lang levetid, om dei får stå i fred, men dei òg treng vøling og vedlikehald. Mange stader har gamle steingardane har ikkje lenger den same funksjonen som dei hadde før i tida, og utan tilsyn og reparasjon blir dei desimert av elde eller øydelagde av vegetasjon. Tilstanden for steingardane i dagens kulturlandskap varierer sterkt.

Kjelder og utfyllande opplysningar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jamfør kulturminneloven, §4i
  2. Kulturminnesøk v/Riksantikvaren
  3. Steingjerde av Paal-Helge Haugen (Oslo, Samlaget, 1979)
  4. Gulatingslovi v/Knut Robberstad (Oslo 1981)
  5. utskiftningStore norske leksikon
  6. Steingard mellom Melen og Sjurvaren Arkivert 2017-08-08 ved Wayback Machine. kulturminneatlas.no
  7. Riksgrensa på Midøy Kulturnett Nøre og Romsdal
  8. Spor etter villrein i Ørsta Møre-Nytt 18.3.2016.
  9. 13000 år gamle spor Storfjordnytt, 2.10.2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]