Steingods

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vassbehaldar i steingods.

Steingods er ein type keramikk som er kjenneteikna ved at det er laga av relativt lys leire. Godset er høgbrent, vanlegvis i mellom 1200 og 1350 grader. Det keramiske godset smelter saman med glasuren (sintring), i motsetnad til kva som skjer med meir porøst steintøy.[1]

Hollandsk krukke, syltekrukke i steingods.
Foto: Jon-Erik Faksvaag / Norsk Folkemuseum, NF.2010-0222.

I nyare tid blir steingods først og fremst brukt til framstilling av kunstkeramikk eller eldfast gods. Tidlegare var det vanleg i krukker, som dei grå saltglaserte «hollandske», som blei brukt til hermetisering av matvarer.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Linder, Mats (25. mai 2019). «steingods». Store norske leksikon.