Steinkjer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinkjer
stad
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Steinkjer
Areal 8,19 km²
Folketal 12 929  (2023)
Folketettleik 1 579 / km²
Innbyggjarnamn steinkjerbygg
Preposisjon Steinkjer
Kart
Steinkjer
64°00′53″N 11°29′39″E / 64.0147°N 11.4942°E / 64.0147; 11.4942
Wikimedia Commons: Steinkjer (town)

Steinkjer (sørsamisk: Stïentje) er ein by og administrasjonssenteret i Steinkjer kommune i Trøndelag fylke. Byen ligg inst i Trondheimsfjorden og har 12 929 innbyggjarar per 1. januar 2023. Steinkjer er sete for fylkesadministrasjonen i Trøndelag.

Steinkjer er tilgjengeleg med båt, noko som har gjort det lettare å drive handel til og frå byen. I dag går E 6 gjennom byen, og jernbanestrekninga Trønderbanen har sin endestasjon her. Nordlandsbanen har stopp i Steinkjer på veg mellom Trondheim og Bodø. Bygrensa går i nord ved Eggevammen og i sør ved Figga.

Økonomien i byen bygger i stor grad på industri og jordbruk.

Steinkjer fekk bystatus i 1857. Byen brann ned 1900 og mykje byggverk i tre forsvann, men vart bygd opp att i jugendstil. Den 21. og 22. april 1940 vart byen bomba og på ny lagt i ruinar. Etter den andre verdskrigen vart byen bygd opp att med etterkrigsarkitektur i funkis-stil. Steinkjer med byane Mære og Egge har vore eit historisk maktsentrum som var på sitt største for om lag 1000 år sidan. Det er gjort fleire arkeologiske funn i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne Trøndelagartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.