Steinkrabbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinkrabbe



Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Crustacea
Klasse: Malacostraca
Orden: Decapoda
Underorden: Pleocyemata
Infraorden: Brachyura
Overfamilie: Leucosioidea
Familie: Leucosiidae
Slekt: Ebalia
Vitskapleg namn
Ebalia tumefacta

Steinkrabben (Ebalia tumefacta) er ein liten krabbeart som lever på grunt vatn frå 5-155 m djupn. Han er registrert frå Vest-Afrika i sør til Sogn og Fjordane-kysten i nord.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Arten har karakteristisk forma skal som oftast er noko breiare enn det er langt: Breidda er om lag 13 mm, medan lengda er 11-12 mm. Over gjellene bular skalet ut i to oppblåste parti, som ein kan sjå to av på kvar side. Dei finst i fleire ulike fargar, men oftast er dei raudleg kvite til hudfarga.

Grensene av fremre delen av skalet er konkave eller med ei grunn vik midt på. Hoer har kortare klør og kraftigare bular over gjellene enn det hannen har.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]