Steinlandsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinlandsfjorden sett mot Gullvika

Steinlandsfjorden er ein fjord i Øksnes kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 7,5 km søraustover til Tuva i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Stavneset i nord og Hundsholmen i sør. Det er stort sett austsida av fjorden som er busett og litt inn i fjorden ligg Bollvågen. Like søraust for denne grenda ligg Steinland, som fjorden er kalla opp etter. Vidare sørover i fjorden er det berre spreidde busetnader langs fjorden før botn.

Riksveg 821 går langs heile austsida av fjorden.