Steinsdalelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinsdalelva
elv
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Nedslagsfelt 9,3 km²
Lengd 8,8 km
Middelvassføring 1,22 /s
Kjelde Austgulstølvatnet
 - høgd 389 moh.
Munning Vetlevatnet
 - høgd 104 moh.
Kart
Steinsdalelva
60°55′29″N 5°20′03″E / 60.92472222°N 5.33416667°E / 60.92472222; 5.33416667

Steinsdalelva er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Ho er ei sideelv til Frøysetelva og er 8,8 km lang, med eit nedbørfelt9,3 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 1,22 m³/s.[1]

Elva har utspringet sitt i fjellområda søraust for Austgulen, som ei rekkje små bekker som renn saman i Austgulstølvatnet (389[1] moh). Derfrå renn ho mot sør-sørvest gjennom den 5 km lange Steinsdalen, der ho mottek fleire sidebekker. Rundt ein kilometer før munningen snur elva brått mot aust, deretter mot sør, før ho munnar ut i Vetlevatnet, like vest for Yndesdalsvatnet.

Avløpet frå Austgulstølvatnet er overført til Klyvtveitvatnet for å bli nytta i kraftproduksjon i Kløvtveit kraftverk. Overføringa tilsvarar rundt 40% av Steinsdalelvas naturlege vassføring ved munningen i Vetlevatnet.

I likskap med mange andre vassdrag i området vart fiskebestandane i Steinsdalelva negativt påverka av sur nedbør, spesielt i tida 1960-1990. Aurebestanden i Austgulstølsvatnet vart på 1970-talet sterkt redusert.[2] Men utviklinga har sidan snudd noko og i 2003 var bestanden av aure i Austgulstølvatnet relativt god.[3] og bestanden av aure har teke seg opp noko, til trass for at vatnet ikkje har vore kalka og det ikkje har vore sett ut fisk.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 NVE Atlas Arkivert 2011-03-06 ved Wayback Machine., Norges vassdrags- og energidirektorat
  2. Annie Elisabeth Bjørklund: Naturressurskartlegging i Gulen kommune, Sogn og Fjordane: Miljøkvalitet i vassdrag, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 155, mars 1995, ISBN 82-7658-050-5
  3. Trygve Hesthagen Gunnel Østborg: Endringer i areal med forsuringsskadde fiskebestander i norske innsjøer fra rundt 1990 til 2006, NINA Rapport 169, Trondheim, desember 2008, ISBN 82-426-1724-4
  4. Annie Elisabeth Bjørklund, Bjart Are Hellen: Kalkingsplan for Gulen kommune, 1997, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 286, 1997, ISBN 82-7658-145-5