Steinsirkel


Ein steinsirkel er ein ring av megalittiske bautasteinar. Dei fleste slike finst i Nordvest-Europa, særleg på Dei britiske øyane og i Bretagne.[1] Dei stammar typisk frå yngre bondesteinalder og tidleg bronsealder der dei fleste blei oppførte mellom 3300 og 2500 fvt. Dei mest kjende døma omfattar henge-monumentet ved Avebury, Rollright Stones, Castlerigg og delar av ringen av ståande steinar ved Stonehenge.[2] Det finst òg spreidde eksempel i andre delar av Europa. Seinare, under den europeiske jernalderen, blei det oppført steinsirklar i det sørlege Skandinavia.

Den arketypiske steinsirkelen er ei open innhegning som er stor nok til at folk kan samla seg inni, og oppført av megalittiske steinar. Ofte blir nemninga «steinsirkel» nytta om liknande strukturar, men desse nemningane er anten historiske eller feilaktige. Døme på alminneleg misforståtte steinsirklar er ringvardar og gravhaugar. Sjølv om det ofte blir anteke at det finst tusenvis av steinsirklar på Dei britiske øyane og i Europa, er sånne anlegg faktisk veldig sjeldne og utgjer ein regional variant av henge-typen.[2] Døme på ekte steinsirklar inkluderer Long Meg and Her Daughters i Cumbria, henge med indre steinar som Avebury i Wiltshire og The Merry Maidens i Cornwall.
Steinsirklar blir normalt klassifiserte ut frå forma og storleiken til steinane, radiusen til sirkelen og talet på liknande strukturar i området. Sjølv om det er lagt frammange teoriar for å forklara formålet deira – typisk relatert til seremoniar eller ritual – er det ingen arkeologisk konsensus om den opphavlege funksjonen deira. Bygginge kravde ofte ein betydeleg dugnadsinnsats, inkludert spesialiserte oppgåver som planlegning, steinbrot, transport, utgraving av fundamentgrøfter og den endelege konstruksjonen.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Aubrey Burl. «The Megalith Map». Arkivert frå originalen 28. september 2006. Henta 22. september 2006.
- 1 2 Ibbotson, Adam Morgan (2024). Cumbria's Prehistoric Monuments (2. utg.). UK: History Press.
- ↑ Richards, Colin. Building the Great Stone Circles of the North. Windgather Press, 2013. s. 3–4
- Denne artikkelen bygger på «Stencirkel» frå Wikipedia på dansk, den 21. mars 2026.