Steinsporvar
Steinsporvar | |
![]() Bantusteinsporv, Petronia superciliaris i Sør-Afrika Foto: Alan Manson
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Overfamilie: | Passeroidea |
Familie: | Sporvefamilien Passeridae |
Slekt: | Steinsporvar Petronia Linnaeus, 1766 |
Steinsporvar utgjer fugleslekta Petronia. Artar i denne slekta lever i Europa, Asia og Afrika, det viktigaste utbreiingsområdet ligg i Afrika. Nokre gonger kan arten steinsporv vitje Sentral-Europa som 'vagrant', ein sjeldan gjest.
Det er fem artar i Petronia. Dei genetiske skilnaden i høve til Passer er ikkje veldig store. IUCN klassifiserer alle artar av steinsporvar som livskraftige.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Steinsporvar når ei kroppslengd på mellom 13 og 16 centimeter. Dette er kompakt bygde fuglar, i tilhøve til kroppsstorleiken er hovudet stort og dei har kort, kraftig nebb, som ender ein spiss tupp. Dei skil seg frå dei nært nærskylde Passer-sporvane med ein litle gul flekk på strupen. Krattsteinsporv viser ein liten kjønnsdimorfisme, dei fire av artane viser ingen. Kroppsbygning, habitat og lætet er svært likt det ein finn i slekta Passer.
Av dei fem artene er éin, nemleg bantusteinsporv, avgrensa i utbreiinga si til det afrikanske kontinentet. Krattsteinsporv og savannesteinsporv har utbreiing i Afrika og Den arabiske halvøya. Gulstrupesteinsporv finn ein berre i Asia, og arten steinsporv har den vidaste utbreiinga i slekta, frå nordvestlege Afrika og Sør-Europa austover til vestlege Mongolia, Mandsjuria og den nordvestlege delen av Sichuan i Asia. Tidvis kjem tilfeldige gjestar av arten steinsporv til land som Storbritannia og Polen.
Petronia-sporvane brukar ei litt anna økologisk nisje og er sterkare knytt til i tre og buskar enn Passer. Ein finn dei i moderat tørr til tørr, open skog, halvtørt krattlandskap og ved utkanten av landbruksareal og jordbruksareal. Unntaket er igjen arten steinsporv, som lever hovudsakleg i karrige, steinete åsar med lite vegetasjon.
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Petronia-sporvar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
- Savannesteinsporv, Petronia pyrgita (Yellow-spotted Petronia)
- Gulstrupesteinsporv, Petronia xanthocollis (Chestnut-shouldered Petronia)
- Bantusteinsporv, Petronia superciliaris (Yellow-throated Petronia)
- Krattsteinsporv, Petronia dentata (Bush Petronia)
- Steinsporv, Petronia petronia (Rock Petronia)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Første versjon av denne artikkelen byggjer på «Steinsperlinge» frå Wikipedia på tysk, den 11. januar 2012, artikkelen gav følgjande referanse:
- C. Hilary Fry und Stuart Keith (Hrsg): The Birds of Africa – Volume VII., Christopher Helm, London 2004, ISBN 0-7136-6531-9
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Videoar, bilete og lydopptak av Passeridae hos Internet Bird Collection