Steinunn Revsdotter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Steinunn Revsdotter (norrønt: Refsdóttir eller Dálksdóttir) var ei kvinne som levde på Island omkring år 1000. Ho var, etter det ein kjenner til, ei av få kvinner i norrøn tid som gjorde skaldekvad.

Steinunn var gift med goden Gest på Hovgarda på Island, og ho var mor til skalden Hovgarda-Rev (Hofgarða-Refr Gestrson).

Vi kjenner henne berre frå ei forteljing, frå den tida då kristne misjonærar freista å innføre kristendommen på Island. (Kristendommen var lovfestet på Island år 1000.) Presten Tangbrand (Þangbrand)[1] var, slik det er nemnt i sogene, ein misjonsprest som skal ha verka på Island i tida då Olav Tryggvason var konge i Noreg.

Ein gong, truleg i 998, vart skipet til Tangbrand skadd på grunn av storm, og Steinunn dikta då to vers[2] der ho uttrykte glede over at guden Tor hadde gjort skade for Tangbrand, og ho håner han fordi Kristus ikkje hadde gjort noko for å hjelpe. Ein reknar med at diktet avspeglar ei historisk sann hending.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tangbrand Norsk biografisk leksikon
  2. Lausaviser av Steinunn Refs (Dálks)dóttir (Skaldic Project)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]