Steinvendarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinvendarar
Svartsteinvendar, Arenaria melanocephala Foto: Tim Bowman
Svartsteinvendar, Arenaria melanocephala
Foto: Tim Bowman
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Steinvendarar Arenaria
Brisson, 1780

Steinvendarar er to fugleartar i den biologiske slekta Arenaria i snipefamilien. Dei er mykje nærskylde til småsniper i slekta Calidris.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Begge fuglane er karakteristiske mellomstore vadefuglar, ca 22-25 centimeter lange. Dei er hekkefuglar i høy-Arktis, og er trekkfuglar. Desse tettbygde, kraftige fuglane har sterk nakke og nebb godt eigna til beiteteknikken dei nyttar. Som namnet tilseier, desse artane kan lett snu steinar eller tang på jakt etter skjulte virvellause dyr. Dei er sterkt knytt til kysten, og føretrekk steina strender framfor sand, og er ofte funne saman med andre vadarar som fjøreplytt.

Utsjånaden deira er slåande i flukt, med kvite flekker på rygg, venger og hale.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Arten steinvendar, Arenaria interpres, har ei sirkumpolar utbreiing, og er ein langdistansetrekkfugl, overvintrar på kysten så langt sør som Sør-Afrika og Australia. Han er derfor eit vanleg syn på kysten nesten overalt i verda.

I hekkedrakta er dette ein prangande fugl, med eit svart-kvitt hovud, kastanjefarga rygg, kvit underside og raude bein. Den grålege vinterfjørdrakta er eigenleg brun over og kvit under.

Dette er ein generelt tillitsfulle fuglar og er opportunistiske i søk etter føde. I motsetnad til dei fleste andre vadarar kan dei leve av avfall, og har ein fenomenal liste over moglege matkjelder, inkludert kokos.

Læte frå arten er ein stakkato 'tøkk-tøkk-tøkk'.

Arten steinvendar er ein av artane som vert omfatta av avtalen Agreement on the Conservation of African-Eurasian Migratory Waterbirds, (AEWA).

Svartsteinvendar, Arenaria melanocephala, har ein liknande struktur som sin meir utbreidde slektning, men har svart overside og bryst, og kvit underside. Han har ei mykje meir avgrensa rekkjevidd enn steinvendar, hekkar i vestlege Alaska, og overvintrar hovudsakleg på Stillehavskysten av USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Steinvendarar