Hopp til innhald

Stele

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stelen til Iddin-Sîn, konge av Simurrum. Han er datert til den gamle babylonske perioden (1900-1500-talet f.Kr.) og funnen i landsbyen Qarachatan i Suleimania i kurdiske Irak.

Stele (frå gresk στήλη, stēlē, norrønt: stela, ‘ståande blokk, minnestein’) er ei tilverka stein- eller treblokk frå oldtida som generelt er høgare enn ho er brei. Stelar blir brukte som minnesmerke med namn og stilling rissa inn eller måla. Stelar blir òg brukte til grensemerke, milepålar eller som minne ved minneverdige militære sigrar.

Stelar har vore nytta sidan antikken i vestleg kultur, ofte som markeringar av graver eller minne. Både i Hellas i antikken og av styresmaktene i Romariket blei stelar nytta som grensemarkeringar eller for å markera eigedom. Dei eldre obeliskane i Egypt er ei spesiell form for stele. Tradisjonelle vestlege gravsteinar kan teknisk sett kallast for steler, men omgrepet blir sjeldan brukt for desse, og andre steleliknande former i ikkje-vestlege kulturar kan ha andre nemningar. Stele og den latinske forma stela blir helst nytta i arkeologisk samanheng om objekt i Europa, Midtausten og Egypt i oldtida. Tidvis blir ho òg nytta om funn frå før-colombianske Amerika.

Gravstele frå Det gamle Egypt.

Stelar har òg vore nytta for å kunngera lover og forordningar, for å nedteikna prestasjonane og æra til ein herskar, for å markera heilage område, som markeringssteinar for eigedomar, som av den Egypt farao Akhnaton ved Amarna,[1] eller for å feira og minnast militære sigrar, som sigerstelen til farao Piye.[2][3] Stelar blei mykje nytta i Midtausten, Mesopotamia, Hellas, Egypt, Somalia, Eritrea, Etiopia, og ganske sikkert uavhengig òg i Kina som i andre stadar i den austlege delen av Asia. Dei blei òg uavhengig nytta i mesoamerikanske sivilisasjonar i Amerika, særleg av olmekarar[4] og mayaer.[5]

Mange stelar, inkludert med inskripsjonar, finst att frå Egypt i oldtida og i Sentral-Amerika. Dei utgjer den største og viktigaste kjelda for informasjon om desse sivilisasjonane, sæleg stelane til mayaene. Det mest kjende dømet på ein stele med inskripsjonar som førte til auka forståing av fortida er Rosettasteinen. Denne førte til eit gjennombrot i avkodinga av egyptiske hieroglyfar. Ein informativ stele av kong Tiglat-Pileser III av Assyria er i dag ved British Museum i London. To stelar som var bygde inn muren til ei kyrkje er viktige dokument for forståinga av etruskisk.

Ståande steinar utan innskrifter, bautasteinar, er sette frå Libya i Nord-Afrika til Skottland som monument frå dei før-litterære megalittiske kulturane i sein steinalder. Dei piktiske steinane i Skottland hadde ofte intrikate utskjeringar, og er daterte til mellom 500- og 800-talet e.Kr. Dei insulære keltisk høgkrossa i Irland og Britannia er særskilde stelar. Totempålane av stein i Nord- og Sør-Amerika kan ein også sjå på som ei særskild form for stelar. Gravsteinar, vanlegvis med inskripsjonar av namn og tidvis med epitafar er blant dei vanlegaste formene for stelar i vestleg kultur.

  1. Egypt Exploration Society Archaeological Survey of Egypt (1908): Memoirs, s. 19
  2. «The Victory Stela of Piye», Real History
  3. Lichtheim, M. (1980): Ancient Egyptian Literature, bind 3, The University of California Press, s. 66ff
  4. Pool, Christopher A. (2007): Olmec Archaeology and Early Mesoamerica, s. 265
  5. Pool, Christopher A. (2007): Olmec Archaeology and Early Mesoamerica, s. 277

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Boardman, John, red. (1971): The Cambridge Ancient History, Part 1, 3. utg., ISBN 978-0-521-22496-3, ISBN 0-521-22496-9.
  • Collon, Dominique, et al. (2015): «Stele», Grove Art Online. Oxford Art Online. Oxford University Press. Betalingsmur
  • Miller, Mary (1999): Maya Art and Architecture. London, UK and New York, USA: Thames & Hudson. ISBN 0-500-20327-X. OCLC 41659173.
  • Pool, Christopher A. (2007 ): Olmec Archaeology and Early Mesoamerica. Cambridge University Press, ISBN 978-0-521-78312-5.
  • Sharer, Robert J.; Traxler, Loa P. (2006): The Ancient Maya, 6. utg., Stanford, California, USA: Stanford University Press. ISBN 0-8047-4817-9. OCLC 57577446.
  • Stewart, Daniel Moroni (2009): «Parentage Statements and Paired Stelae: Signs of Dynastic Succession for the Classic Maya» (PDF). Provo, Utah, USA: Brigham Young University.
  • Stuart, David (Vår-høst 1996): «Kings of Stone: A Consideration of Stelae in Ancient Maya Ritual and Representation» i: RES: Anthropology and Aesthetics. Cambridge, Massachusetts, USA: President and Fellows of Harvard College acting through the Peabody Museum of Archaeology and Ethnology (29/30 The Pre-Columbian): 148–171. JSTOR 20166947.
  • Till, Karen E. (2005): The New Berlin: Memory, Politics, Place. University of Minnesota Press
  • Wilkinson, Endymion (2000): Chinese History: A Manual, 2. utg., Cambridge, Mass.: Harvard-Yenching Institute, ISBN 0-674-00249-0.