Stella Mwangi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stella Mwangi

Fødd1. september 1986 (37 år)
FødestadNairobi
AliasStella Mwangi
OpphavKenya, Noreg
Aktiv2011–
Sjangerpop
Instrumentpiano, vokal
Stemmetypealt
Verka somsongar, gitarist, pianist, modell, songar-låtskrivar, rappar
Stella Mwangi under ei videoinnspeling i Nairobi i 2012.

Stella Nyambura Mwangi[1] (fødd 1. september 1986 i Nairobi) er ein norsk-kenyansk rappar og musikar. Ho skriv ofte om situasjonen i heimlandet, men òg om diskrimineringa både ho sjølv og familen hennar vart utsette for etter at dei flytta til Noreg i 1991. Arbeidet hennar er mellom anna brukt i filmane American Pie og Save the Last Dance, og i fjernsynsseriane CSI New York og Scrubs.[2]

Mwangi har vore på hitlistene både i Kenya, Senegal, Gambia, Sør-Afrika og Noreg.[3] Ho vann Kisima-prisen for beste nye artist i 2006,[3][4] og har sunge for Nelson Mandela under støttekonserten 46664 Arctic i Tromsø.[2]

I 2008 gav ho ut albumet «Living for Music». Albumet fekk blanda mottaking i Noreg, og kom ikkje inn på VG-lista.[5][6] Til gjengjeld vart det lagt merke til i Kenya.[4]

Eurovision Song Contest 2011[endre | endre wikiteksten]

29. januar 2011 vann ho 3. delfinale i Melodi Grand Prix 2011 i Skien med songen «Haba Haba». 12. februar 2011 vann ho finalen i Oslo Spektrum, og representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Mwangi vart slått ut i fyrste semifinale.

I 2011 gav ho ut eit nytt album, med tittelen «Kinanda». Albumet inneheld mellom anna singelen «Lookie Lookie».

Fjernsynsopptredenar[endre | endre wikiteksten]

1. april 2011 deltok ho i NRK-programmet Popstokk saman med Jonas Rønning, Lene Alexandra Øien og Per Sundnes. Der måtte ho og Per Sundnes, som var på lag, mellom anna synge den norske songen «Dum og deilig» på finsk.[7]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er basert på Stella Mwangi på bokmålswikipedia, 11. juli 2011.

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. STL MUSIC Stella Nyambura Mwangi Brønnøysund Register Centre
  2. 2,0 2,1 Stella Mwangi på God Kveld Norge
  3. 3,0 3,1 «stella mwangi (stl) - museke african artistes». Arkivert frå originalen 28. oktober 2013. Henta 13. april 2014. 
  4. 4,0 4,1 BiografiRockheim.
  5. Natt&Dag: Stella polaris, arkivert frå originalen 22. august 2010, henta 30. mars 2019 
  6. Kjendis.no: - Et personlig angrep på Stella, arkivert frå originalen 22. november 2011, henta 30. mars 2019 
  7. Popstokk