Stemshaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stemshaug
stad
Stemshaug kyrkje
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Aure
Postnummer 6690 AURE
Innbyggjarnamn stemshauging
Kart
Stemshaug kommune
63°19′38″N 8°42′36″E / 63.327222222222°N 8.71°E / 63.327222222222; 8.71

Stemshaug var tidlegare ein sjølvstendig kommune i Møre og Romsdal fylke. Frå 1837 var Stemshaug, saman med Valsøyfjord, ein del av Aure formannskapsdistrikt. Valsøyfjord vart skild ut som eigen kommune den 1. januar 1894 og Stemshaug vart skild ut som eigen kommune den 1. juli 1914. Kommunen hadde 851 innbyggjarar ved opprettinga.

Den 1. januar 1965 vart dei to kommunane Stemshaug og Aure, saman med nokre område på Ertvågøya som tidlegare hadde høyrt til Valsøyfjord og Tustna kommunar, samanslegne til ein kommune som fekk namnet Aure kommune. Stemshaug hadde ved samanslåinga 877 innbyggjarar.

Næringa i Stemshaug har vore fiske og jordbruk. Tjeldbergodden, der Statoil har eit ilandføringsanlegg for naturgass frå Norskehavet, ligg i Stemshaug.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for gamle Stemshaug kommune frå 1858 til 1965:

1.7.1914[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1965[1]
851 896 964 990 938 853 877

Kjente stemshaugingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Stemshaug 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå