Stend

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stend stasjon på Nesttun-Osbanen
Stend VGS

Stend er eit område i Fana i Bergen. I 1861 kjøpte Søndre Bergenhus Amt, som seinare vart Hordaland fylkeskommune, garden Stend hovudgard av Wollert Konow (SB). På garden vart Stend jordbruksskule etablert for fast drift i 1866.

Ved jordbruksskulen har Hordamuseet bygd opp eit friluftsmuseum. Våren 1998 opna det nye kulturbygget på Stend, der Hordaland Teater, Hordamuseet og Vegmuseet har tilhald.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]