Stend hovudgard

Koordinatar: 60°16′23.506″N 5°19′49.544″E / 60.27319611°N 5.33042889°E / 60.27319611; 5.33042889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°16′23.506″N 5°19′49.544″E / 60.27319611°N 5.33042889°E / 60.27319611; 5.33042889

Stend hovudgard
Foto: David40226543

Stend hovudgard er namnet på ein stor gardStend i Fana ved Bergen. Garden har gardsnummer 97, og bruksnummer 1.

Garden låg i mellomalderen under Nonneseter kloster (og ei tid under Munkeliv kloster). Eldre lokal namnetradisjon nytta ved Stend viser spor av munkar i aktivitet på staden (Munkedammane, Munkevollen).

Stend vart i 1528 gitt i gåve frå kong Fredrik I av Danmark-Noreg til den danske adelsmannen Vincents Lunge, og garden var i Lungefamiliens eige fram til 1680, då han vart overteken av Hans Kristoffersen Hiort. Der var skiftande eigarskap i førstninga av 1700-talet, og eigedommen gjekk for ein kort periode tilbake til kongehuset (Kristian VI av Danmark-Noreg). I 1741 selde kongen Stend hovudgard (pris: 3030 rd courant) til Wollert Danckertsen. Garden var så i Krohnfamiliens eige i 100 år, til den i 1841 vart seld til Wollert Konow (1809-1881). Familien Konow selde største delen av garden til bruk for jordbruksskule som starta opp i 1866, no Stend jordbruksskule.

Foto tatt av den kjende fotografen Knud Knudsen viser situasjonsbilete frå Stend 1869, tre år etter at jordbruksskulen var kommen i fast drift. Går vi lengre attende i tid, vil vi finne prospekt frå 1816 (J.F.L. Dreier), og eit lokalt kart frå 1776. Kartet vert tilskrive Werner Hosewinckel Christie (1746-1822). Desse to sistnemnde kjeldene viser noverande hovudbygning nær inn til den historiske hagen (renessansehagen) ved Stend.

Renessansehagen på Stend er spesielt kjend for den lange lauvgangen mot aust. Den er lett å sjå på Dreiers prospekt og den er også tekstleg dokumentert av andre informantar, t.d. biskop Claus Pavels (1769-1822) som 24. juli 1821 (jfr. Pavels dagboksamling), skriv "Gud ved overalt, om der findes en saadan Buegang i Norge; i Christiania eller dets Omegn, Bogstad, Ullevold, Frogner findes den i idetmindste ikke". Tidlegare dokumentasjon vedk. hagen har vi t.d. frå 1738, då garden var i kongehusets eige, då omtalt som "en Hauge med et stort og 2de små Lyst-Huuse samt to Fiske-Damme". Denne omtalen viser godt samsvar med Christies kart som vart laga knapt 40 år seinare.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]